Hopp til innhold
X
Innhald

Bendik Kajander

Bendik Kajander, popartist frå Ørsnes i Lofoten som syng om fortviling, håp og relasjonar mellom menneske. Han bruker artistnamnet Kajander.

Bendik Kajander er fødd 22. februar 1992 i Ørsnes i Lofoten og bur no i Oslo. Han er bror til artisten Anna Kajander. Kajander gjekk på Aust-Lofoten videregående skole (2008–11), før han studerte juss ved universitetet i Tromsø (2013–17).

Under artistnamnet Kajander gav han ut poplåtane «E du den du vil vær?» i 2016 og «Når e du klar?» i 2017. Det er to låtar som handlar om kjærleik og ei erkjenning av at ein av og til må endre retning dersom livet skal bli betre. I 2018 kom låtane «Sola skin», «Du veit æ ikkje vil» og «Hjem». Låtane til Kajander er blitt mykje spela i norsk radio, og dei har hausta mange lovord hos kritikarane.

Tekstuniverset krinsar om menneskelege relasjonar, og gjerne om ung kjærleik. Kajander syng om korleis to i eit parforhold lever i spenninga mellom nærleik og avstand, og han spør om ein kan eige eit anna menneske. Keyboard og gitarriff er eit viktig kjenneteikn ved musikken til Kajander. Både tekst og melodi er i eit musikalsk landskap som er i slekt med to andre nordnorske artistar, Sondre Justad og Inge Bremnes. Kajander syng på dialekt.

 

Kjelder

E‑post frå Bendik Kajander 26.9.2018

«– Jeg har skrevet låter siden jeg var liten», frifond.no: https://www.frifond.no/jeg-har-skrevet-later-siden-jeg-var-liten/ [lesedato 23.9.2018]


Peikar

Nettstaden til Bendik Kajander, kajandermusic.no

Først publisert: 25.03.2019
Sist oppdatert: 25.03.2019