Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Holtermann Knudsen

Christian Holtermann Knudsen, 1845–1929, var typograf, fagorganisasjonsleiar og politikar. Knudsen var ein av banebrytarane i den norske arbeidarrørsla. I 1884 byrja han å gi ut Vort Arbeide, som i 1885 skifta namn til Social-Demokraten, og i 1923 til Arbeiderbladet. I 1887 var han med på å stifte Det norske Arbeidarpartiet. Han var sentralstyremedlem fram til 1924 og formann i 1889–90, 1900–03 og 1911–18. Knudsen var dessutan stortingsrepresentant i åra 1906–15

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2016
Sist oppdatert: 18.03.2016