Hopp til innhold
Christl Kvam. Foto: Jan Richard Kjelstrup / ASD, Arbeids- og sosialdepartementet på Flickr.com CC BY 2.0.
Christl Kvam. Foto: Jan Richard Kjelstrup / ASD, Arbeids- og sosialdepartementet på Flickr.com CC BY 2.0.
X
Innhald

Christl Kvam

Christl Kvam, sjukepleiar, siviløkonom, tidlegare leiar av Akademikarane og regiondirektør i NHO Innlandet. Ho blei utnemnd til fylkesmann i Oppland i 2015 og statssekretær for arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie i 2016.

Christl Kvam er fødd 2. juli 1962 i Øvre Årdal i Sogn og Fjordane. Ho tok vidaregåande skule i 1979–82, sjukepleiarutdanning ved Ullevål sykepleierhøgskole i Oslo i 1983–86 og siviløkonomstudiet ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1987–91. I 2001 tok ho dessutan styrekandidatprogrammet ved BI og sjefskurs ved Forsvarets høgskole i Oslo.

I 1986 arbeidde Kvam som sjukepleiar ved Kongsberg sjukehus, hadde deltidsstilling som sjukepleiar ved Bergen Røde Kors sykehjem i 1987–91 og var konsulent i samferdselsseksjonen og seksjonsleiar i merkantil seksjon i Oppland fylkeskommune på Lillehammer i 1992–97. Frå 1997 til 2000 var ho personalsjef ved Gudbrandsdalens Uldvarefabrik AS på Lillehammer og prosjektmeklar ved Lillehammer Kunnskapspark i 2000–03. I perioden 2002–08 var ho leiar i fagforeininga Akademikarane og i 2008–15 regiondirektør for NHO i Hedmark/Oppland.

I 2016 fekk ho permisjon frå fylkesmannsembetet for å bli statssekretær for arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie, og assisterande fylkesmann Sigurd Tremoen vikarierer som Fylkesmann medan ho har permisjon.

Christl Kvam har hatt ei rekkje tillitsverv, mellom anna har ho vore styremedlem av DølaJazz i 1991–2001, nestleiar i Akademikarane i 1997–2002, styremedlem av Business Analyze i 2002–07, nestleiar i styret i Olympiaparken AS i 2003–09 og medlem av Litteraturfestivalens råd i 2006–08. Ho var styreleiar i Lillehammer turist AS i 2005–12, styremedlem i Gudbrandsbølen Dagningen i 2009–13, medlem av styret og seinare styreleiar i Revmatismesykehuset i 2009–15 og nestleiar i Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) frå 2014.

Kjelder

«Statssekretær Christl Kvam», regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dep/asd/org/politisk_ledelse/statssekretar-christl-kvam/id2469738/ [lesedato 3.10.2016]

«Christl Kvam», fylkesmannen.no: https://www.fylkesmannen.no/Documents/Dokument%20FMOP/Om%20Fylkesmannen/CV%20christl2%20(2).pdf [lesedato 3.10.2016]

Peikarar

Olav Bostrup Müller: «Christl Kvam blir statssekretær», gd.no

NTB: «Christl Kvam blir fylkesmann i Oppland», e24.no

Først publisert: 02.03.2017
Sist oppdatert: 02.03.2017