Hopp til innhold
X
Innhald

Daniel Kvammen

Daniel Kvammen, norsk popartist som spelar låtar med høg allsongfaktor om kvardagslivet og kjærleiken på Geilo-dialekt.

Daniel Kvammen er fødd 27. april 1988 på Geilo i Hallingdal. Han bur i Oslo. Kvammen gjekk på Gol vidaregåande skule i 2006–09.

Allereie med debutalbumet Fremad i alle retninga (2015) vart han godt motteken av publikum og kritikarar. Albumet vart nominert til tre Spellemann-prisar, og låta «Du fortenar ein som meg» vart mykje spela i norsk radio og fjernsyn. I 2017 kom albumet Vektlaus. I tillegg til albuma har Kvammen gitt ut 1988 EP (2015) og fleire singlar, mellom anna «Daue fugla» (2015) og «23. desember» (2015).

På albumet Fremad i alle retninga spelar Kvammen låtar som «Ingen vega utanom» og «Du fortenar ein som meg», der han blandar visesongsjangeren med country. Med Vektlaus er lydbiletet meir prega av elektropop-musikk. Sjølv om gitaren enno er med, er keyboardet eit viktig instrument. Låtane «Me dansar ikkje for moro skyld» og «Gatelangs gjennom sorg og synd» er døme på det.

Kvammen tek den musikalske arven frå hallingdølingane Stein Torleif Bjella og Hellbillies vidare ved å gi visesong- og countrymusikktradisjonen eit meir populærmusikalsk preg. Kvammen kombinerer energisk festmusikk med tekstar med høg allsongfaktor. Tekstane til Kvammen handlar i stor grad om kjærleiken, og då gjerne den som det ikkje vart noko av. Gjennom humor og alvor har Kvammen ein bodskap som særleg eit yngre publikum kan kjenne seg att i. Han syng på Geilo-dialekt.

I 2015 fekk han Dialektprisen av Norsk Målungdom og Buskerud Mållag sin målpris.

Kjelder

Andrea Rygg Nøttveit: «Hot halling på Bylarm», framtida.no: https://framtida.no/2014/02/26/hot-halling-i-byen [lesedato 13.5.2017]

Nettstaden til Daniel Kvammen, danielkvammen.no: https://danielkvammen.no/ [lesedato 12.5.2017]

Peikarar 

Trine Aandahl: «Den nervøse sjarmøren», p3.no

Først publisert: 28.06.2017
Sist oppdatert: 28.06.2017