Hopp til innhold
X
Innhald

Erland Kiøsterud

Erland Kiøsterud er forfattar. Romanen Jord! blei i 1988 filmatisert av Wam & Wennerød under tittelen Hotel St. Pauli.

Erland Kiøsterud, fødd i 1953, er forfattar. Han har skrive romanane Sår som aldri gror (1973), Jord! (1977), Fødsel (1977), Sett at jeg gikk baklengs inn i synsranden (1978), Jordens salt (1983), Marí (1986), Det første arbeidet (2005) og Ved elvens munning (2008). Han har òg gitt ut romansyklusane Androselegien (4 band, 1988–91) og Pasjonene (4 band, 1992–95). Kiøsterud gav ut essaysamlinga Nigredo i 1997 og vidare romanane Den norske sangeren i 1999 og Måltidet i Bocca i 2002. Romanen Jord! blei i 1988 filmatisert av Wam & Wennerød under tittelen Hotel St. Pauli. Kiøsterud fekk Riksmålsforbundets litteraturpris i 2005.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.04.2016
Sist oppdatert: 28.04.2016