Hopp til innhold
X
Innhald

Erlend Kaasa

Erlend Kaasa, cand.philol. med hovudfag i medievitskap, avdelingsleiar i vidaregåande skule og forfattar.

Erlend Kaasa er fødd 8. juli 1976 i Vinje i Telemark og er busett i Indre Arna i Hordaland. Han tok vidaregåande skule i 1992–95, har hovudfag i medievitskap frå Universitetet i Bergen (2005), med oppgåva «Motiverte meningssøk langs Mullholland Drive. Ein analyse av filmtilskodaren si narrative interesse i møte med konvensjonsavkreftande forteljarmønster». Han har arbeidd som lektor og avdelingsleiar for medium og kommunikasjon ved Garnes vidaregåande skule i Hordaland sidan 2007.

Kaasa debuterte med romanen Thunder Road i 2009. Det er ein oppvekstroman og handlar om gutar i tenåra, og hovudpersonen og eg-forteljaren er tenåringen Mattis Dragstige. Kaasa skildrar vegen hans mot vaksenlivet, med drifter, draumar og venskap gjennom gode skildringar mellom anna av forholdet mellom Mattis og bestefaren hans.

I 2015 kom krigsromanen Livius, som handlar om offiseren Lam og kva krig kan gjere med menneske – om idealisme, svik, løgn og sanning og det å finne meining i eit samfunn som ikkje lenger er sivilisert. Både Livius og debutromanen fekk gode kritikkar, og Kaasa bruker eit medrivande og klangfullt språk og klare litterære bilete.

For Thunder Road fekk Kaasa litteraturprisen frå Alfred Andersson-Ryssts fond for 2010.

Kjelder

Bergen bibliotek om Erlend Kaasa: http://bergenbibliotek.no/litteratur/vestlandsforf... [lesedato 13.1.2016]

Samlaget.no om Erlend Kaasa: http://samlaget.testweb01.itum.com/forfattarar/k/e... [lesedato 13.1.2016]

Peikarar

Hans H. Skei: «Javisst gjer det vondt», melding av Thunder Road: http://www.aftenposten.no/kultur/litteratur/Javiss...

«Erlend Kaasa leser fra debutromanen Thunder Road»:

Javiera F. Saavedra: «Ny Kaasa-roman begeistrer kritikerne», intervju Med Kaasa om romanen Livius: http://www.bygdanytt.no/kultur/Ny-Kaasa-roman-Abeg...

Nils Ove Støbakk: «Fryktar for framtida til Garnes vidaregåande skule»: http://www.bygdanytt.no/nytt/Fryktar-for-framtida-...

Hovudfagsoppgåva til Erlend Kaasa: http://www.ub.uib.no/elpub/2005/h/704003/Hovedoppg...



Først publisert: 02.03.2016
Sist oppdatert: 10.03.2016