Hopp til innhold
Portrett av Erling Kittelsen. Foto: Aschehoug.
Portrett av Erling Kittelsen. Foto: Aschehoug.
X
Innhald

Erling Kittelsen

Erling Kittelsen er forfattar. Han fekk Aschehougprisen i 1990 og Doblougprisen i 2002.

Erling Kittelsen, fødd i 1946, er forfattar. Han har mellom anna gitt ut diktsamlingane Trebuene i 1973, Et døgn over Le i 1981, Tiu i 1982, I dette huset i 1984, saman med Paal-Helge Haugen, Utesveveren i 1991 og I i 1995. I 2004 kom Jeg setter foten ned og ler. Dikt i utvalg. Kittelsen har òg skrive fablar i grenselandet mellom prosa og poesi, skodespel som Abiriels løve i 1988 og Huset med de sju dukkene i 1993. Han har mellom anna skrive romanane Otrap (1998) og Verden banker (2008). Kittelsen har gjendikta delar av og dikta seg opp i mot Voluspå og Den eldre Edda. Kittelsen fekk Aschehougprisen i 1990 og Doblougprisen i 2002.


Sjå video der Erling Kittelsen les utdrag frå diktet "Diktet løper som en by".


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.04.2016
Sist oppdatert: 28.04.2016