Hopp til innhold
X
Innhald

Ernst Ludwig Kirchner

Ernst Ludwig Kirchner, 1880–1938, er tysk målar og grafikar. 

Kirchner er rekna som ein av grunnleggjarane av den ekspresjonistiske kunstnargruppa Die Brücke. Han gjorde bruk av forenkla former og skarpe og kontrasterande fargar i måleria sine, og han laga kantete stiliserte tresnitt. Kirchner utførte også treskulpturar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2017
Sist oppdatert: 06.11.2017