Hopp til innhold
X
Innhald

Eva Knardahl

Eva Knardahl, 1927–2006, var pianist. Ho debuterte i 1938 og verka i 1947–67 som solist og kammermusikar i USA. Knardahl markerte seg etter heimkomsten til Noreg som ein av dei fremste pianistane i landet med turnear i inn- og utland. Frå 1984 var ho professor i kammermusikk ved Norges musikkhøgskule. Knardahl spela alle klaververka til Grieg inn på plate.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2013
Sist oppdatert: 15.11.2013