Hopp til innhold
X
Innhald

Eva Kolstad

Eva Lundegaard Kolstad, revisor og politikar, det første likestillingsombodet i Noreg og ei drivkraft i likestillingspolitikken i store delar av det 20. hundreåret.

Eva Lundegaard Kolstad var fødd i Halden 6. mai 1918 og døydde i Oslo 26. mars 1999. Ho tok examen artium ved Oslo Handelsgymnasium i 1938 og eksamen som statsautorisert revisor 1945.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Eva Kolstad, truleg frå stortingsvalet i 1957. Foto: Dagbladet/ Norsk Folkemuseum, Digitaltmuseum.no, CC BY-NC-ND 3.0 NO
Eva Kolstad til venstre (i fotoarkivet der biletet er henta frå, er det tatt atterhald om at det ikkje er stadfesta at dette er Kolstad), Helge Seip til høgre, truleg frå stortingsvalet i 1957. Foto: Dagbladet/ Norsk Folkemuseum, Digitaltmuseum.no, CC BY-NC-ND 3.0 NO
Alt som gymnasiast melde ho seg inn i Norsk Kvinnesaksforening og var leiar i foreininga frå 1956 til 1968. Samfunnsengasjementet tok henne til partiet Venstre, som valde henne til partileiar i 1974, den første kvinna til å ha eit slikt politisk verv i Noreg, og den første til å bruke tittelen partileiar. Ho var vararepresentant på Stortinget i 1958–61 og 1965–69, og forbrukarminister i 1972–73.
Kolstad meinte at retten til likestilling måtte sikrast gjennom lovverket. Same rett til utdanning og løn var blant kampsakene. I Norsk Kvinnesaksforening arbeidde ho for å få avvikla samskatten, frå 1921. Denne skatteordninga gjekk ut på at det var ektefellane si samla inntekt som var grunnlaget for skatt, noko som gjorde at det ikkje lønte seg for gifte kvinner å vere yrkesaktive. Som Venstre-politikar var ho med å fjerne samskatten i 1959.
Lik undervisning for gutar og jenter og rett for kvinner til å verte prest og politi var andre reformer Kolstad fekk igjennom, med likestillingslova i 1979 som krona på verket. Same året utnemnde Stortinget henne til det første likestillingsombodet i Noreg – og i verda.
(Artikkelen held fram under videoen)
 
Video: «Likestillingsloven av 1978», NRK Skole
Ho fekk St. Hallvard-medaljen i 1976, vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1983 og var æresmedlem av Venstre og Norsk Kvinnesaksforening sin internasjonale organisasjon.
Kjelder
Gunnar Bergby (red.): Underveis. Festskrift til Eva Kolstad. Oslo 1988
Helene Freilem Klingberg: «Den tålmodige optimist», i Ottar Grepstad og Jostein Nærbøvik (red.): Venstres hundre år. Oslo 1984
Eva Kolstad: «Ut av mørket – fram i lyset», i Kari Skjønsberg (red.): Hvor var kvinnene? Elleve kvinner om årene 1945–1960. Oslo 1979
Eva Lundegaard Kolstad, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=EVKO [lesedato 12.1.2014]

Først publisert: 20.10.2014
Sist oppdatert: 08.03.2018