Hopp til innhold
X
Innhald

Evy Risa Kvamsdal

Evy Risa Kvamsdal, teolog og prest. Ho var den første kvinnelege prosten i Møre bispedøme.

Evy Risa Kvamsdal er fødd i Bergen 9. mai 1950. Ho tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1975, praktisk teologisk eksamen ved Det praktisk-teologiske seminar ved Universitetet i Oslo i 1976 og seinare vidareutdanning, mellom anna leiarutdanning for kvinner i Den norske kyrkja. Ho vart ordinert til prest i 1989.
Kvamsdal har arbeidd både som lektor og prest. Ho var lektor ved Odda vidaregåande skule 1985–1988 og ved Volda vidaregåande skule 1993–1995. Undervisningsåret 1992–1993 var ho høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Samstundes som ho var lektor i Odda, hadde ho deltidsstilling som sjukehusprest. Ho var vikarprest i Bjørgvin i 1989 og sjukehusprest i Volda frå 1991. I mars 2000 vart Kvamsdal utnemnd til sokneprest i Volda og prost i Søre Sunnmøre prosti, den første kvinna i ei slik stilling i Møre bispedøme. Ho slutta i denne stillinga i 2011. I dag er ho sokneprest i Volda. Kvamsdal skriv på nynorsk.
Kjelder
Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Den norske kirkes presteforening, Oslo 2000

Først publisert: 06.04.2012
Sist oppdatert: 28.01.2016