Hopp til innhold
X
Innhald

Finn Kvalem

Finn Kvalem, skodespelar, instruktør og omsetjar, byrja karrieren sin ved Det Norske Teatret og var tilknytt teatret i 14 år, frå 1956 til 1969. Han omsette i alt 18 skodespel, som alle har vore spela.

Finn Kvalem var fødd i Seljord 12. april 1934 og døydde i Oslo 26. februar 1990. Han var utdanna ved Statens teaterskole i 1953–56 og debuterte i Regnmakaren av N. Richard Nash på Det Norske Teatret i 1955. Her var han tilsett fram til 1969, då han gjekk over til Nationaltheatret. Han var tilsett i Fjernsynsteatret i 1975–79 og var sjef for Telemark Teater i 1982–84, før han i 1985 vende attende til Nationaltheatret.

Kvalem var kjend for sitt komiske talent, til dømes som Mads Moen i Peer Gynt (1962), men òg for si sterke innleving, mellom anna som Osvald i Gengangere av Henrik Ibsen ved Det Norske Teatret (1964) og presten Flann i Kolbes Reise av Åge Rønning ved Nationaltheatret (1986). I Fjernsynsteateret hadde han fleire store roller, mellom anna som mannen i De fire årstider av Arnold Wesker (1968), Dr. Wangel i Fruen fra havet (1979) av Ibsen og Vielgeschrey i Den Stundesløse av Ludvig Holberg (1978). Ei av dei største rollene hadde han som Vidkun Quisling i Stein Ørnhøis fjernsynsserie Vidkun Quisling. Et liv – en rettssak (1988). I fjernsynsserien 1814 (1989) spela han rolla som kammerherre og brukseigar Peder Anker.

Han var regissør for ei rekkje framsyningar, mellom anna Neste gang vil jeg synge av James Saunders (1968), Peer Gynt ved Den Nationale Scene (1969) og Kjærlighed uden Strømper ved Nationaltheatret (1971). Han gjendikta mellom anna skodespela Ein seljars død av Arthur Miller (1967), Fødselsdagselskapet av Harold Pinter (1968), Emigrantar av Slawomir Mrożek (1980) og Sommer av Edward Bond (1986).

Kvalem var med i fleire filmar, til dømes Barn av solen (1955), Tonny (1962), Psychedelica Blues (1969) og Blücher (1988). Han var ein mykje nytta opplesar og hadde fleire plateutgivingar der han las dikt og eventyr frå heimfylket Telemark.

Som skodespelar hadde Kvalem eit kjenslefullt uttrykk, med gripande tolkingar prega av ein alvorleg og sorgfull undertone. Han var samstundes glitrande i humoristiske roller, noko som syner den store kunstnariske spennvidda hans.

Kvalem var formann i Norsk Skodespelarforbund i 1974–76.

Kjelder

Herman Berthelsen (red.): Hvem er hvem i norsk kulturliv? Oslo 1987

Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. 1963–1988. Oslo 1988

Nils J. Ringdal: Nationaltheatrets historie. 1899–1999. Oslo 2000

Jo Ørjasæter: Fjernsynsteateret til glede og forargelse. Oslo 1994

Sceneweb: «Finn Kvalem», sceneweb.no: http://www.sceneweb.no/nb/artist/37428/Finn_Kvalem-1932-4-12 [lesedato 26.12.2016]

Først publisert: 18.05.2017
Sist oppdatert: 18.05.2017