Hopp til innhold
X
Innhald

Frank Kjosås

Frank Kjosås, norsk skodespelar. Han har nådd breitt ut til publikum gjennom allsidige roller på teater, film, i fjernsynsseriar og musikalar. Sidan 2006 har han vore tilsett ved Det Norske Teatret.

Frank Kjosås er fødd 28. juli 1981 i Øystese i Hardanger og er busett i Oslo. Etter at han var elev ved Øystese vidaregåande skule (1997–2000), gjekk han på Romerike folkehøgskole (2000–01) og Bårdarakademiet (2001–02). Han studerte ved Statens teaterhøgskole frå 2003 til 2006.

I 2006 blei Kjosås tilsett ved Det Norske Teatret. Der har han spela rolla som Woof i musikalen Hair (2006), Judas i musikalen Jesus Christ Superstar (2009), Adolf Hitler i Mein Kampf (2013), Hjalmar i Trost i taklampa (2014) og hovudrolla i Sweeney Todd (2015).

Kjosås har hatt fleire sentrale roller i norske filmar og fjernsynsseriar. Med roller som Ruben i filmen De gales hus (2008), Fred i NRK-serien Halvbroren (2012) og Knut Haukelid i NRK-serien Kampen om tungtvannet (2015), er han blitt ein omtykt skodespelar for det norske publikummet.

Kjosås nyttar det allsidige talentet sitt til å spele sentrale roller i både teater, musikalar og på fjernsynsskjermen. Han spelar gjerne personar som er utfordrande for publikum å forstå, men Kjosås har hausta god kritikk for tolkingane sine av roller som Adolf Hitler og Judas Iskariot. I 2013 vann han Gullruten i kategorien beste mannlege skodespelar for rolla som Fred i Halvbroren av Lars Saabye Christensen.

Kjelder

Frank Kjosås, detnorsketeateret.no: http://www.detnorsketeatret.no/skodespelarar/frank-kjosas/ [lesedato 15.7.2016]

Frank Kjosås, imdb.com: http://www.imdb.com/name/nm2346207/bio?ref_=nm_ov_bio_sm [lesedato 15.7.2016]

Frank Kjosås, filmweb.no: http://www.filmweb.no/profil/article1089760.ece [lesedato 15.7.2016]

Først publisert: 02.03.2017
Sist oppdatert: 09.03.2017