Hopp til innhold
X
Innhald

Gerd Kjølaas

Gerd Kjølaas, 1909–2000, dansar, koreograf og pedagog. Kjølaas dansa mellom anna i Jooss-balletten i 1946, og ho koreograferte den første heilt norske balletten, Mot ballade (1945). I 1948 grunnla ho, saman med Louise Browne, Ny Norsk Ballett, som vart grunnstammen i balletten ved Den Norske Opera. Kjølaas medverka også til å grunnleggje ein norsk ballettpedagogisk tradisjon. Ho koreograferte mellom anna Mot ballade, Veslefrikk med fela og fleire andre ballettar.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2013
Sist oppdatert: 15.11.2013