Hopp til innhold
Gerd Kristiansen. Foto: @UE_Norge, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
Gerd Kristiansen. Foto: @UE_Norge, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
X
Innhald

Gerd Kristiansen

Gerd Kristiansen, hjelpepleiar, fagforeiningsleiar og tidlegare leiar i Landsorganisasjonen i Noreg (LO), som er den største hovudsamanslutninga av arbeidstakarorganisasjonar i Noreg. Kristiansen var den andre kvinnelege leiaren av LO.

Gerd Kristiansen er fødd 1. august 1955 i Harstad. Ho begynte å arbeide som ufaglært i 1974, tok utdanning som hjelpepleiar og arbeidde ved Åsgård psykiatriske sjukehus (no ein del av Universitetssjukehuset i Tromsø) i fleire år. Etter ei tid som loddefiskar tidleg i 1980-åra arbeidde ho igjen ved Universitetssjukehuset i Tromsø, før ho blei hovudtillitsvald i Norsk Helse- og Sosialforbund i Troms i 1990–2000.

I 2002 blei ho nestleiar i forbundet, og i 2003 blei forbundet hennar slått saman med Norsk Kommuneforbund. Det nye namnet blei Fagforbundet, og etter to år i arbeidsutvalet var ho nestleiar i Fagforbundet i 2005–09. Gerd Kristiansen var 1. nestleiar i LO i 2009–13 og var leiar av LO i perioden 2013–17, då ho gjekk av for aldersgrensa.

Kristiansen var som leiar av Landsorganisasjon (LO) ei av dei mektigaste kvinnene i Noreg. Rettar når det gjeld arbeidstid, pensjon, deltidsarbeid og sosial dumping var viktige arbeidsområde for LO-leiaren. LO er den største hovudsamanslutninga av arbeidstakarorganisasjonar i Noreg, med 24 forbund og meir enn 900 000 medlemer. Det største forbundet er Fagforbundet, som Kristiansen har bakgrunnen sin frå. Historisk har LO sterke band til arbeidarrørsla og Arbeidarpartiet. I perioden hennar som LO-leiar var Høgre og Framstegspartiet i regjering for første gong, og forholdet mellom LO og regjeringa var tidvis vanskeleg med ei regjering lenger til høgre enn nokon gong i Noregshistoria.

Kristiansen har fleire styreverv, og ho er mellom anna leiar for Landsrådet for Heimevernet, styremedlem i rehabiliteringssenteret AiR og styremedlem i mediekonsernet Amedia. Kristiansen var medlem av sentralstyret til Arbeidarpartiet 2014–17, og frå 2017 er ho styreleiar i Norsk Folkehjelp.

Kjelder

Olav Garvik: «Gerd Kristiansen», snl.no: https://snl.no/Gerd_Kristiansen [lesedato 10.12.2015]

Gunnar Hultgren: «Gerd kan bli Norges mektigste kvinne», dagbladet.no, publisert 12.12.2012: http://www.dagbladet.no/2012/12/10/nyheter/lo/politikk/gerd_kristiansen/24770996/?www=1 [lesedato 11.12.2015]

Peikarar

«Hjelpepleier Gerd fra Troms er ny LO-leder», nordlys.no, publisert 6.5.2013

«Fakta om Norges mektigste kvinner», nordlys.no, publisert 12.6.2013

«Jeg er så inderlig provosert og forbanna over det han der Eriksson foreslår», vg.no, publisert 11.8.2014

«Gerd Kristiansen: - Det er klart jeg frykter at LO splittes», nettavisen.no, publisert 25.3.2017

Først publisert: 06.05.2016
Sist oppdatert: 29.07.2019