Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnar Kjønnøy

Gunnar Peder Kjønnøy, sosialøkonom, tidlegare departementsråd og fylkesmann i Finnmark mellom 1998 og 2016.

Gunnar Kjønnøy er fødd 1. juni 1947 i Averøy i Møre og Romsdal. Han tok vidaregåande skule i 1963–66 og er utdanna cand.oecon. frå Universitetet i Oslo i 1972. Han arbeidde i Kommunal- og regionaldepartementet, Distriktenes utbyggingsfond og Finansdepartementet fram til 1980. Kjønnøy var tilsett i Fiskeridepartementet i 1980–98 og var departementsråd dei ti siste åra før han blei utnemnd til fylkesmann i Finnmark i 1998.

Fylkesmannen i Finnmark har sete i Vadsø. Kjønnøy gjekk av med pensjon 1. oktober 2016, og han var ein av få fylkesmenn i Noreg som ikkje har hatt sentrale politiske verv.

Kjelder

«Fylkesmennene», oppdatert 17.10.2016: https://www.fylkesmannen.no/Om-oss/Fylkesmennene/ [lesedato 15.1.2017] <har sett inn tittel og sist oppdatert, og dermed har eg òg endra lesedato>

Alf Helge Jensen: «Aspaker etterfølger Kjønnøy?», iFinnmark.no: http://www.ifinnmark.no/aspaker-etterfolger-kjonnoy/s/5-81-14606 [lesedato 8.9.2016]

Bård Wormedal og Lise Jacobsen: «Kan bli den siste fylkesmannen i Finnmark», nrk.no: https://www.nrk.no/finnmark/kan-bli-den-siste-fylkesmannen-i-finnmark-1.13020850 [lesedato 8.9.2016]

Først publisert: 02.03.2017
Sist oppdatert: 02.03.2017