Hopp til innhold
X
Innhald

Halfdan Kjerulf

Halfdan Kjerulf, 1815–68, var komponist og skaparen av den norske romansen. Kjerulf har med melodiar til dikt av Bjørnson, Welhaven, Andreas Munch, Christian Winther og fleire skapt musikk som utan vidare overlevde den nasjonalromantiske tida dei vart til i. Han skreiv også klavermusikk og mannskorsongar. Halfdan Kjerulf var bror til Theodor Kjerulf.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2013
Sist oppdatert: 15.11.2013