Hopp til innhold
 Hans E. Kinck. Ukjend fotograf. Nasjonalbiblioteket, blds_04884.
Hans E. Kinck. Ukjend fotograf. Nasjonalbiblioteket, blds_04884.
X
Innhald

Hans E. Kinck

Hans E(rnst) Kinck, 1865–1926, var forfattar. Han gav ut ei rekkje romanar prega av stemningsrik naturpoesi og psykologisk skarpsinn, med kulturbrytingar og romantisk vitalitet som sentrale motiv, mellom andre Sus i 1896 og Hugormen i 1898, som kom ut samla i 1923 med tittelen Herman Ek. Vidare gav han ut Fru Anny Porse i 1900, Emigranter i 1904 og trilogien Sneskavlen brast i åra 1918–19.
 
Kinck skreiv fleire novellesamlingar, mellom andre Foraaret i Mikropolis frå 1926, og skodespel, mellom andre Mellem togene frå 1898, Agilulf den vise frå 1906, Den sidste gjest frå 1910 og Driftekaren frå 1908, som er eit stort og forklarande folkelivsskildrande dikt.
 
Kinck skreiv òg essaysamlingar og historiske studiar, mellom anna Renæssansemennesker i 1916, som handla om Machiavelli.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013