Faktaboks

Håvard Kvandal
Fødd
22. november 1910
Død
19. august 2005

Håvard Kvandal var ein prislønt felemakar frå Hardanger.

Bakgrunn

Håvard Kvandal dreiv gardsbruk i Kvanndal i Hardanger og hadde i tillegg arbeid som postopnar fram til 1981.

Instrumenta

Kvandal spela hardingfele og var mykje brukt som spelemann til bryllaup og dans. Hardingfelespel lærte han av Sjur Håstadbø, Halldor Meland og Anders Kjerland. Best kjend er han likevel som felemakar og felereparatør. Dette handverket lærte han av felemakarar som Olaf G. Helland, Gunnar M.A. Røsstad og Olav K. Venaas. Han laga si første fele i 1952, den første av i alt 56 feler, og skal gjennom livet sitt ha tilverka mellom 300 og 400.

Felene til Kvandal har godt omdøme og blir mellom anna nytta av Knut Hamre, som har vunne fleire landskappleikar med Kvandal-feler. Kvandal fekk sølvmedalje under feleutstillinga på landskappleiken i 1980 og kongens fortenestemedalje i gull i 1987. Han var heidersmedlem i Landslaget for spelemenn og Hardanger spelemannslag. Felemakarkunsten lærte han vidare til mellom anna Olav Vindal, som mellom anna har vore tilsett ved Hardanger folkemuseum, og til sonen Harald Kvandal, som var Sogn og Fjordane fylke sin første felemakar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg