Hopp til innhold
X
Innhald

Henning Kraggerud

Henning Kraggerud, fødd 1973, er fiolinist. Han debuterte i 1992 og har vore solist med alle dei norske symfoniorkestera og ei rekkje utanlandske. Kraggerud spelar kammermusikk og har mellom anna spela inn fiolinsonatane til Grieg og fiolinkonsertane til Sibelius og Sinding. Han hadde elles ei viktig rolle i ein dokumentar om Ole Bull. Kraggerud er også bratsjist og komponist.
Han fekk Griegprisen i 1998 og var festspelmusikar i Bergen i 2004.

Sjå Henning Kraggerud og Bugge Wesseltoft framføre Stevtone:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013