Faktaboks

Henrik Kaarstad

Henrik Johannes Kaarstad

Fødd
12. august 1865, Innvik (no Stryn), Vestland
Død
13. desember 1927, Volda, Møre og Romsdal

Henrik Kaarstad var rektor, lokalpolitikar og lekmann. Han skipa lærarskulen i Volda, skreiv lærebøker i kristendom og sat i bladstyret for oppbyggingsbladet Stille Stunder.

Bakgrunn

Henrik Johannes Kaarstad var fødd i Innvik (no Stryn) i noverande Vestland, voks opp på garden Kårstad i Utvik (no Stryn) og døydde i Volda i Møre og Romsdal. Han gjekk amtsskulen i Gloppen. Opphavleg hadde Kaarstad tenkt å bli teolog, men vart lærarutdannar og ein lekmannsprofilVestlandet.

Etter lærareksamen på Stord i 1884 reiste han til Volda, og vart i 1886 styrar av Voldens høiere Almueskole. I Volda lærde han seg landsmål hos Per Riste, som i 1879 hadde starta ein kveldsskule for å spreie norskdomstankane. Då allmugeskulen vart lagd ned i 1892, drog Kaarstad til Finnmark og byrja som lærar og klokkar i Talvik.

Lærarskulen i Volda

Året etter vende han tilbake til Volda og starta eit eitt-årig førebuingskurs for den lågare lærarprøva. I 1895 skipa han den to-årige private lærarskulen i Volda, Voldens Privatseminarium, saman med cand.real. Samuel Aage Stabell. Skulen er i dag ein del av Høgskulen i Volda.

Fram til 1908 styrde dei skulen saman. Då løyste Kaarstad Stabell ut og vart styrar og eigar aleine. Han hadde stor arbeidskraft og var ein dugande administrator. I 1922 vart den nye skulebygningen innvigd, i dag kalla Henrik Kaarstad-huset, og lærarskulen vart dermed den største i landet. I 1924 selde Kaarstad skulen til staten og heldt fram som konstituert rektor. Skulen fekk då namnet Volda offentlege Lærarskule.

Kaarstad var ein «vestlandslærar», og lærarskulen i Volda vart ein skule for nye generasjonar av «vestlandslærarar». Dette var lærarar som var småbrukarsøner frå Nordvestlandet, fekk utdanninga si på Stord eller i Volda, var opptekne av kristendom, norskdom og fråhaldssak, og høyrde heime i Venstre. Ofte fekk dei seg ein lærarpost der eit småbruk høyrde med.

Andre verv og engasjement

Kaarstad var ei drivande kraft i målarbeid, kristent arbeid og kommunalt arbeid. Han var ordførar i Volda, skulestyreformann og hadde òg andre verv. Han sat i bladstyret for det kristelege oppbyggingsbladet Stille Stunder frå 1908 til han døydde, hadde verv i indremisjonen og Kinamisjonen, og var ein mykje brukt predikant og talar. I 1922–1927 var han medlem av den parlamentariske skulekommisjonen, som la grunnlaget for ei omfattande skulelovgjeving i 1930-åra og sette sitt preg på heile det allmenndannande skuleverket.

Utgjevingar

Kaarstad skreiv fleire lærebøker i kristendom og metodikk, mellom anna Katekisme-upplæringi for skule og heim (1913), Romarbrevet – Kap 1–8 – for lærarskulen (1913), Um upplæring og uppseding i folkeskulen (1915) og Kristenlæra for lærarskulen (1925). Han redigerte òg dei religiøse oppbyggingsbøkene Vangiljebok – Ordet um krossen (1907) og Or livsens vatn (saman med Gudleik Kalsnes, 1908).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Peder Bergem (red.): Forkynning – fellesskap – forsking. Volda lærarskule 1895–1995. Volda 1995
  • Peder Bergem: Henrik Kaarstad og Volda lærarskule. Ein vestlandslærar og livsverket hans. Volda 1998
  • Harald H. Rise (red.): 100 år, 100 navn. Personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet. Ålesund 2000
  • Ola Gjengedal: «Henrik Kaarstad». Årbok for Nordfjord 1988
  • Johs. Solem: «Rektor Henrik Kaarstad». For Fattig og Rik, julenummer 1927
  • Volda lærarskule 25 år. 1895–1920. Volda 1920
  • Volda lærarskule 1895–1970. Utgjeve av Volda lærarskule. Volda 1970
  • Rasmus Øvrelid: «Henrik Kårstad». Norsk Aarbok 1928. Bjørgvin 1928

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg