Hopp til innhold
X
Innhald

Henry Way Kendall

Henry Way Kendall, 1926–99, var amerikansk kjernefysikar. Han fekk nobelprisen i fysikk i 1990 saman med J.I. Friedman og R.E. Taylor. Gjennom eksperiment utførde ved Stanford Linear Accelerator Center beviste desse tre forskarane eksistensen av  kvarkar.
 
Kendall arbeidde også i mange år som rådgivar for den amerikanske regjeringa i forsvarspolitiske spørsmål.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011