Hopp til innhold
Inge Krokann, foto frå rundt 1930–35. Ukjend fotograf. Foto: Oslo museum på oslobilder.no CC BY-SA (biletnr. OB.F06151d).
Inge Krokann, foto frå rundt 1930–35. Ukjend fotograf. Foto: Oslo museum på oslobilder.no CC BY-SA (biletnr. OB.F06151d).
X
Innhald

Inge Krokann

Inge Krokann, forfattar frå Oppdal. Sentrale tema i diktinga hans er tilhøvet mellom folk i bygdesamfunna og verda utanfor, og mellom menneska og naturkreftene. Han skreiv nynorsk med sterkt innslag av oppdalsdialekt.

Krokann vart fødd 19. august 1893 i Oppdal og døydde 27. desember 1962 i Gausdal. Han var utdanna og arbeidde ei tid som lærar. Han var målmann og venstremann – målpolitisk gjekk han inn for samnorsklinja i etterkrigstida. Frå 1945 fekk han kunstnarløn, og i 1954 vart han statsstipendiat.
 
Hovudverket til Krokann er den historiske romanrekkja om Lo-ætta, som omfattar I Dovre-sno (1929), Gjenom fonna (1931), På linfeksing (1934) og Under himmelteiknet (1941). Stoffet er henta frå Krokann si eiga heimbygd, Oppdal, på 1500-talet. Han tek opp møtet mellom dei norske bøndene på den eine sida og dei nye danske makthavarane på den andre, men også tema som heidenskap kontra kristendom. Romanen Blodrøter (1936) er eit stykke norsk bygdesosiologi som skildrar fattigdom, trongsyn, misunning og massepsykose. Boka tok utgangspunkt i eit justismord som var mykje omtalt i mellomkrigstida, den såkalla Hetlesaka i Sunnfjord, og er omsett til svensk.
 
Som forfattar har Krokann elles skrive både dikt, bokmeldingar og ymse artiklar. Han interesserte seg sterkt for historie, og det var han som introduserte uttrykket ”Det store hamskiftet” i ein artikkel frå 1942. Uttrykket blir brukt om endrings- og moderniseringsprosessen i dei norske bygdene etter ca. 1850 og har blitt brukt av ei rekkje historikarar. Krokann ønskte å vise korleis bondesamfunna vart meir integrerte i storsamfunnet, og dette har seinare vore eit sentralt tema i norsk historieforsking og historiedebatt.
 
Kjelder
Ragna Myrstad Bjørkum og Ingeborg Donali (red.): Augo ser så mangt. Av og om Inge Krokann. Lillehammer 1993
Toril Brekke: «Inge Krokann», Norsk biografisk leksikon, bd. 5. Oslo 2002
Olav Dalgard: Inge Krokann. Liv og dikting. Oslo 1970
 
Vidare lesing
Bjørkum, Ragna Myrstad & Ingeborg Donali, red.: Augo ser så mangt : av og om Inge Krokann, 1993 (Inge Krokann-bibliografi: 207-61)
Dalgard, Olav: Inge Krokann : liv og dikting, 1970
Norsk biografisk leksikon 2. utg.
Nilsen, Helge Normann: Tinder og avgrunner : hovedlinjer i Inge Krokanns forfatterskap, [2007]

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 17.08.2018