Faktaboks

Irgens Holger Koefod
Fødd
1864, Eresfjord
Død
1931, USA

Irgens Holger Koefod, norskamerikansk lærar, målmann og bokhandlar. Han dreiv den einaste reine landsmålsbokhandelen i Amerika frå 1900 til 1907.

Irgens Holger Koefod var fødd i Eresfjord i Romsdal i 1864 og døydde i USA i 1931. Han gjekk på Stord Lærerseminar og vart uteksaminert i 1884. I 1889 utvandra han til Amerika og arbeidde først tre år som privatlærar, før han vart lærar og kyrkjesongar i Coon Valley, Wisconsin (1892–1907).

Koefod var i mange år kommisjonær for Det Norske Samlaget i Amerika. Allereie før hundreårsskiftet hadde Samlaget innleidd samarbeid med Koefod om å verve medlemer til Samlaget. Alt i det første nummeret av nynorskbladet Norrøna hadde Samlaget ein annonse over to sider for å vekkje interesse for forlaget, nynorsk litteratur og for tidsskriftet Syn og Segn. Denne annonsen gav resultat. Medlemstalet steig frå 58 i 1899 til 135 i 1902.

Koefod starta òg ein rein nynorsk bokhandel, «Koefod Bokhandel – einaste Landsmaalsbokhandel i Amerika», i Coon Valley i 1900. Han hadde store annonsar for bøkene til Samlaget, mellom anna i Norrøna, der han sjølv sat i skriftstyret det første året, 1900–01. I annonsane kom han gjerne med personlege ytringar som «Kjøp norske bøker, so hjelper du morsmaalet fram» og «Alle maalmenner kjøper sine bøker hjå meg». I Norrøna hadde han si eiga spalte: «Maaldrøsor og anna smaaprat oss imellom».

I 1907 flytta Koefod til Canada, og bokhandelen vart lagd ned.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Haugen, E. I. (1953): The Norwegian Language in America. A Study in Bilingual Behavior. Philadelphia: University of Pennsylvania Press
  • Sunde, A. (1995): «Irgens Holger Koefod, romsdalingen som vart bokhandlar og målmann i det norske Amerika». Romsdal sogelag, årsskrift.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg