Hopp til innhold

Irgens Holger Koefod

Irgens Holger Koefod, norskamerikansk lærar, målmann og bokhandlar. Han dreiv den einaste reine landsmålsbokhandelen i Amerika frå 1900 til 1907.

Irgens Holger Koefod var fødd i Eresfjord i Romsdal i 1864 og døydde i USA i 1931. Han gjekk på Stord Lærerseminar og vart uteksaminert i 1884. I 1889 utvandra han til Amerika og arbeidde først tre år som privatlærar, før han vart lærar og kyrkjesongar i Coon Valley, Wisconsin (1892–1907).

Koefod var i mange år kommisjonær for Det Norske Samlaget i Amerika. Allereie før hundreårsskiftet hadde Samlaget innleidd samarbeid med Koefod om å verve medlemer til Samlaget. Alt i det første nummeret av nynorskbladet Norrøna hadde Samlaget ein annonse over to sider for å vekkje interesse for forlaget, nynorsk litteratur og for tidsskriftet Syn og Segn. Denne annonsen gav resultat. Medlemstalet steig frå 58 i 1899 til 135 i 1902.

Koefod starta òg ein rein nynorsk bokhandel «Koefod Bokhandel – einaste Landsmaalsbokhandel i Amerika» i Coon Valley i 1900. Han hadde store annonsar for bøkene til Samlaget, mellom anna i Norrøna, der han sjølv sat i skriftstyret det første året, 1900–01. I annonsane kom han gjerne med personlege ytringar som «Kjøp norske bøker, so hjelper du morsmaalet fram» og «Alle maalmenner kjøper sine bøker hjå meg». I Norrøna hadde han si eiga spalte: «Maaldrøsor og anna smaaprat oss imellom».

I 1907 flytta Koefod til Canada, og bokhandelen vart lagd ned.

Kjelder

Einar Haugen: The Norwegian Language in America. A Study in Bilingual Behavior. Philadelphia 1953

Arne Sunde: «Irgens Holger Koefod, romsdalingen som vart bokhandlar og målmann i det norske Amerika». Romsdal sogelag, årsskrift 1995

Først publisert: 02.05.2018
Sist oppdatert: 02.05.2018