Hopp til innhold
Foto: Aschehoug
Foto: Aschehoug
X
Innhald

Jan Kjærstad

Jan Kjærstad, forfattar og teolog, har skrive kløktig konstruerte romanar og perspektivopnande essay gjennom fleire tiår. Trilogien om Jonas Wergeland er eit hovudverk i nyare norsk litteratur.

Jan Kjærstad er fødd 6. mars 1953 i Oslo. Han voks opp på Grorud i Oslo og tok examen artium ved Oslo Katedralskole i 1972. Han byrja så på teologistudiet ved Universitetet i Oslo og var ferdig uteksaminert cand.theol. i 1979, med ei avhandling om den synoptiske tradisjonen og den historiske Jesus.
Sidan debuten i 1980 har Kjærstad hovudsakleg arbeidd med skrivinga.
Frå 1985 til 1989 var Kjærstad redaktør for litteraturtidsskriftet Vinduet. Mellom 1993 og 1996 var han drivkrafta bak tidsskriftet BØK, saman med Jon Fosse. Kjærstad har elles vore ein aktiv avisskribent og har jamleg publisert reflekterte kronikkar og essay i dei store norske avisene.
Han debuterte med novellesamlinga Kloden dreier stille rundt (1980). Sidan har han skrive ei rekkje romanar, og dessutan essaysamlingar og barnebøker. Forfattarskapen til Kjærstad er å forstå som eit oppgjer med sosialrealismen som prega det litterære Noreg i 1970-åra. Frå romandebuten Speil (1982) og utover har han vist seg som ein svært sjangermedviten forfattar. Han skriv sjølvreflekterande romanar med både realistiske og fantastiske trekk, og mest vellukka er nok trilogien om TV-mannen Jonas Wergeland, Forføreren (1993), Erobreren (1996) og Oppdageren (1999).
(Artikkelen held fram under videoen)
 
Video: Jan Kjærstad blir intervjua om Forføreren i NRK Skole
I 1984 fekk Kjærstad Kritikarprisen for Homo Falsus eller Det perfekte mord. I 1993 fekk han Aschehougprisen, og han har seinare fått den tyske Henrik Steffens-prisen i 1998, Doblougprisen i 2000 og Norske Akademis Pris i 2013. I 2001 blei Kjærstad anerkjend som ein av dei store nordiske forfattarane, med tildelinga av Nordisk råds litteraturpris for Oppdageren.
Forteljing og informasjon, fakta og fiksjon
Kloden dreier stille rundt er ei tematisk mangfaldig og formalt leikande novellesamling. Novellene har både personlege og globale perspektiv, og med varsemd for samspelet mellom form og innhald tek Kjærstad for seg så ulike tema som rasisme, kjærleik, forureining og tilhøvet mellom kunst og røyndom.
Kjærstad sine romanar frå 1980-åra, Speil, Homo Falsus eller Det perfekte mord og Det store eventyret (1987), er alle prega av det nye medie- og informasjonssamfunnet som gradvis greip om seg på den tida. I den sistnemnde boka blir skrift kopla til kjærleik og erotikk i ei eventyrleg historie som låner trekk både frå sciencefictionsjangeren og frå annan fantastisk litteratur. Kjærstad viser interesse for korleis kunnskap og informasjon sirkulerer i høgteknologiske samfunn, og han eksperimenterer med romanforma for å fortelje historier, og slik formidle kunnskap, på nye måtar.
(Artikkelen held fram under videoen)
 
Video: Samtale om Homo Falsus eller Det perfekte mord i NRK Skole
I slutten av 1980-åra debuterte han òg som barnebokforfattar. Biletboka Jakten på de skjulte vaffelhjertene (1989), med illustrasjonar av Vivian Zahl Olsen i 1989-utgåva og Jill Moursund i 2005-utgåva, er ei merkverdig og folkekjær forteljing om ein familie som flyttar til ein drabantby og held vaffelkalas for naboane i blokka. Boka er omsett til nynorsk av Torjan Hatteland. Kjærstad har seinare skrive fleire barnebøker, til dømes Hos Sheherasad, fantasiens dronning (1995) og Stein blir kaptein (2012).
Ein encyklopedisk forfattarskap
Kjærstad sine romanar blir ofte omtalte som encyklopediske, på grunn av tallause referansar til historiske personar og hendingar, vitskaplege teoriar og populærkultur, og med meir eller mindre direkte allusjonar til religiøse tekstar og frå litteratur- og filmhistoria. Han dreg veksel på utdanninga si også i den skjønnlitterære skrivinga og kombinerer fakta med fiksjon, set saman ulike perspektiv og verdsbilete og lèt dei einskilde komponentane i forteljingane få si meining i samspelet med andre.
Trilogien om Jonas Wergeland er eit hovudverk i den nordiske litteraturen frå 1990-åra. Bøkene er utforma som tre ulike biografiar om Wergeland, og ved å vise fram kor ulike forståingane av hovudpersonen er, problematiserer Kjærstad sanningskrava i biografisjangeren. Men bøkene er slett ikkje biografiar i tradisjonell forstand: Utan kronologisk rekkjefølgje gir romanane ein flaum av historier om Wergeland, og det rike persongalleriet og dei mange hendingane blir sakte, men sikkert vovne saman på kløktig vis. Slik er romanane òg ei skildring av det samfunnet Wergeland lever i, Noreg i etterkrigstida. I dei to første bøkene kastar Kjærstad lasso med vid løkke og legg ut handlingstrådar i alle retningar. I Oppdageren dreg han varsamt historiene saman og lèt kriminalgåta om kven som har drepe kona til Wergeland, stå i sentrum. Ikkje minst nærmar han seg det største mysteriet: Kven er eigentleg Jonas Wergeland?
På 2000-talet har Kjærstad skrive fleire fine romanar, utan å nå dei same høgdene som i Wergeland-trilogien. Tegn til kjærlighet (2002) handlar om Cecilia, som i ung alder skriv bestseljaren «The Lost Story». Tegn til kjærlighet er full av bokstavar, symbol og teikn som må tolkast, og til liks med Det store eventyret, frå 1987, koplar romanen intellektuell drivkraft og kunnskapshunger til tørst og lengsel etter kjærleik. I Jeg er brødrene Walker (2008) og Normans område (2011) skildrar Kjærstad igjen det søkjande mennesket i historier om fantasikraft og samfunnsendringar, kjærleik og bøker.
Nokre av Kjærstad sine bøker er òg blitt filmatiserte. Eva Isaksen regisserte i 1992 ein versjon av Homo Falsus eller Det perfekte mord, med tittelen Det perfekte mord. I 2012 laga NRK ein TV-serie av Wergeland-trilogien, med tittelen Erobreren, også den i regi av Isaksen. Erobreren var ei storsatsing frå NRK si side, men serien levde dessverre ikkje opp til forventingane og fekk hard medfart av kritikarane.
Entusiastiske essay
Dei tre essaysamlingane Menneskets matrise (1989), Menneskets felt (1997) og Menneskets nett (2004) er samla i Kjærstads matrise. Samlede essays med bonusspor (2007). I 2013 supplerte han med Menneskets vidde. I essaya svarer Kjærstad på kritikk, reflekterer over eigen skrivepraksis og kjem med forstandige synspunkt på romanen, litteraturen og livet. Essaysamlingane vitnar om ein forfattar med breitt interessefelt, og kunnskapen er formidla med iver og eleganse.
Kjærstad stiller høge krav både til forfattar- og kritikarstanden i essayistikken sin. I Menneskets vidde går han til dømes laus på danske kritikarar si strenge mottaking av Peter Høegs Elefantpassernes børn, men også norske kritikarar si «nasegruse beundring» for Karl Ove Knausgårds Min Kamp. Første bok. Samstundes som han er ein skarp kritikar, har han òg evne til å verdsetje god litteratur og litteraturkritikk på tvers av skiljet mellom høgt og lågt. Kjærstad har eit internasjonalt blikk, også når han skriv om norsk litteratur, og ei eiga evne til å setje ord på tendensane i samtidslitteraturen.
Kjelder
Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2012
Øystein Rottem: Jan Kjærstad – et forfatterhefte. Oslo 2000
Øystein Rottem: «Jan Kjærstad», Norsk biografisk leksikon: http://nbl.snl.no/Jan_Kjærstad/utdypning [lesedato 9.8.2013]
Øystein Rottem si bokmelding av Tegn til kjærlighet i Dagbladet: http://www.dagbladet.no/kultur/2002/09/26/349809.html [lesedato 9.8.2013]
Nettstaden til Jan Kjærstad: http://www2.aschehoug.no/forfattersider/kjaerstad/index.php [lesedato 9.8.2013]
Carl Joakim Gagnon si bokmelding av Menneskets vidde i Morgenbladet: http://morgenbladet.no/boker/2013/elle_celle_deg_fortelle#.UtK3dPZmc7A [lesedato 12.1.2014]
Peikarar

Først publisert: 11.02.2014
Sist oppdatert: 23.01.2018