Faktaboks

Jenny Klinge

Jenny Elisabeth Klinge

Fødd
28. november 1975, Surnadal, Møre og Romsdal
Jenny Klinge i 2021.
Jenny Klinge i 2021.
Av /NTB.
Jenny Klinge.
Stortinget.

Jenny Klinge er næringsdrivande og stortingsrepresentant for Senterpartiet (Sp) frå Møre og Romsdal sidan 2009.

Bakgrunn

Jenny Elisabeth Klinge er fødd i Surnadal i Møre og Romsdal. Etter endt vidaregåande skule i Surnadal og Orkdal i 1994 tok ho grunnfag i sosiologi, tysk og historie ved Universitetet i Oslo i 1995–1999. Ho studerte natur- og kulturrettleiing ved Noregs idrettshøgskole i 2004–2005 og tok leiarkurs på BI i 2005–2006.

Klinge var lærar for framandspråklege i Halsa kommune i 1998–2000, var flyktningkonsulent i Surnadal kommune i 1999–2000 og arbeidde som næringsdrivande i Sæterbø Hus & Hage i Surnadal i 2002–2008.

Politisk karriere

Klinge var medlem av formannskapet i Surnadal kommune i 1999–2007 og var varaordførar i Surnadal i 2003–2007. Klinge var lokallagsleiar i Surnadal Senterparti i 2002–2004 og representant i fylkestinget i 2003–2007. Ho var vararepresentant frå Møre og Romsdal på Stortinget i perioden 2005–2009, og møtte fast frå 2008.

Ho vart innvald som stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Møre og Romsdal i 2009. Ho var medlem av justiskomiteen på Stortinget i 2009–2021, der ho var første nestleiar i 2017–2021. Ho vart medlem av næringskomiteen i 2021. Samferdsel, justispolitikk og språkleg mangfald er dei viktigaste politiske sakene hennar.

Andre verv

Klinge hadde verv i Norsk Målungdom i studietida, og ho har mellom anna hatt ei rekkje verv i kulturlivet i Møre og Romsdal. Ho var medlem av kulturstyret og leiar for ungdomsrådet i 1999–2003, i styret for kulturskolen på indre Nordmøre, fylkeskulturutvalet og fylkesrådet for funksjonshemma i Møre og Romsdal i 2003–2007. Ho har vore leiar av driftsstyret for garden Vaulen i 2005–2007, medlem i styret for stiftinga Nordmøre museum i 2006–2009 og medlem av og leiar av styret for Nordmøre folkehøgskole i 2005–2008.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg