Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Høsflot Klæbo

Johannes Høsflot Klæbo, langrennsløpar som vann tre OL-gull i Pyeongchang i 2018. Klæbo vart då den yngste olympiske gullvinnaren i langrenn gjennom tidene. Han vann også tre gullmedaljar under ski-VM i 2019.

Johannes Høsflot Klæbo er fødd 22. oktober 1996 og bur i Trondheim, der han går for klubben Byåsen IL. Klæbo gjekk på Heimdal videregående skole og har byrja på ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon ved NTNU Handelshøyskolen.

Klæbo var inga barnestjerne, men vart raskt betre som juniorløpar og vann tre VM-gull for junior i 2016. Han slo igjennom på seniornivå då han vann sprinten under den nasjonale sesongopninga i langrenn på Beitostølen i 2016. Under verdsmeisterskapen i Lahti i 2017 fekk han bronsemedalje på sprinten. Han tok tre verdscupsigrar den sesongen og vekte oppsikt ved å vinne minitouren i Canada samanlagt.

Klæbo var den beste langrennsløparen i verda i 2017/18-sesongen. Han vann då verdscupen samanlagt, etter elleve individuelle sigrar. Under dei olympiske vinterleikane i Sør-Korea tok han gullmedalje både på den individuelle sprintdistansen og på to stafettar saman med lagkameratane sine – både på 4 x 10 kilometer, der Didrik Tønseth, Martin Johnsrud Sundby og Simen Hegstad Krüger hadde gått dei føregåande etappane, og på den kortare sprintstafetten, saman med Martin Johnsrud Sundby.

I 2018/19-sesongen vart Klæbo tidenes yngste vinnar av Tour de Ski på herresida. Under ski-VM i Seefeld i 2019 tok han tre gull i øvingane sprint friteknikk, lagsprint klassisk og 4 x 10 km stafett. Denne sesongen vann han også verdscupen samanlagt, verdscupen i sprint og U23-verdscupen.

Klæbo har gått sine eigne vegar for å nå verdseliten i langrenn. Morfaren Kåre Høsflot har vore trenar, ei rolle han har hatt også etter at sonesonen kom inn på sprintlandslaget under leiing av Arild Monsen. Både i trening og i val av skiteknikk har Klæbo vore nyskapande. I bratte motbakkar har «Klæbo-klyvet» vorte eit omgrep, der Klæbo spring meir enn han glir på skia i klassisk stil.

Populariteten til Klæbo viser att i sosiale medium, der han har mange følgjarar. Dei får med seg videobloggane som han lagar til sin eigen YouTube-kanal, og bileta som han legg ut på Instagram.

 

Kjelder

Anne-Marit Dahl: «Nå forteller Klæbo og morfar sin historie», Adresseavisen 19.10.2018

Øyvind Godø: «Johannes` åpenbaring», Dagbladet 7.2.2018

Øyvind Godø, Bjørn Langsem og Hans Arne Vedlog: «Nå snakker alle om Klæbo-teknikken», Dagbladet 14.2.2018

Arilas Berg Ould-Saada og Eirik Borud: «Derfor er Johannes Høsflot Klæbo SUPERMANN», VG 14.2.2018

John Rasmussen: «Johannes løperen», Dagbladet 18.11.2017


Det internasjonale skiforbundet, FIS, sine langrennssider, fis-ski.com: http://www.fis-ski.com/cross-country/athletes/athlete=klaebo-johannes-hoesflot-184205/index.html [lesedato 26.10.2018]

 

Peikarar

Johannes Høsflot Klæbo sin YouTube-kanal, youtube.com

Langrennslandslaga på Norges skiforbund sine sider, skiforbundet.no

Først publisert: 26.03.2019
Sist oppdatert: 26.03.2019