Hopp til innhold

Jostein Krokvik

Jostein Krokvik, tannlege, forfattar og høgnorskmann. Han gav ut biografiar om Ivar Aasen, Henrik Krohn og Jan Prahl.

Jostein Krokvik var fødd i Vanylven 4. januar 1927 og døydde 29. mars 2007. Han arbeidde i mange år som tannlege i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
I 1969 debuterte han med romanen Fangevaktaren. Seinare gav han ut over tjue skjønnlitterære bøker – romanar, noveller, dikt og barne- og ungdomsbøker. Siste boka var diktsamlinga Klokkevisaren, som kom i 2007. Forteljingane hans hentar emne både frå samtida og frå historia.
I 1985 gjekk Krokvik over til å skrive høgnorsk, ein konservativ variant av nynorsk, og han gav ut fleire språkpolitiske bøker: Kjettarord om norsk målalkymi (1985), Mål og vanmæle (1991) og Norskrøtt skriftmåls store fall (1995).
Han gav ut òg biografiar frå språkhistoria på 1800-talet: Ivar Aasen. Diktar og granskar, sosial frigjerar og nasjonal målreisar (1996), Ny Hungrvekja og Jan Prahl (1993) og Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren (2002).
I 1981–83 var han redaktør i Norsk Barneblad. I 1985–2000 redigerte han Vestmannen, bladet til Vestmannalaget. Han var æresmedlem i Vestmannalaget, Vestlandske Mållag og Norsk Måldyrkingslag. I 2003 fekk han Vanylven kommune sin kulturpris.
Kjelder
Jon Askeland: «Ein sann idealist», Dag og Tid 13.4.2007
Jostein Krokvik: Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren. Bergen 2002
Jostein Krokvik: Høgnorsk målreising. Fiskåbygd 1997
Jostein Krokvik: Ivar Aasen. Diktar og granskar, sosial frigjerar og nasjonal målreisar. Bergen 1996
Jostein Krokvik: Norskrøtt skriftmåls store fall. Bergen 1995
Jostein Krokvik: Ny Hungrvekja og Jan Prahl. Bergen 1993
Jostein Krokvik: «Å skriva på klassisk nynorsk», i Liv Randi Bjørlykke ofl. (red.): Springflod. Forfattarane i Møre og Romsdal. Larsnes 1994
 
Peikarar

Først publisert: 31.12.2011
Sist oppdatert: 24.01.2012