Hopp til innhold
X
Innhald

Julia Kristeva

Julia Kristeva, fødd 1941, er fransk forfattar, lingvist og psykoanalytikar. Kristeva er fødd i Bulgaria, men har vore busett i Paris sidan 1965. Ho tok doktorgraden på avhandlinga La Révolution du langage poétique (’Revolusjonen i det poetiske språket’, 1974).
Kristeva arbeider i kryssingsfeltet mellom språk, kultur og litteratur. Ho har vore viktig innanfor feministisk teori og er internasjonalt anerkjend i fleire fag innanfor humaniora og samfunnsvitskapane. På norsk finst boka Svart sol. Depresjon og melankoli (1994). Kristeva var den første som fekk Holbergs internasjonale minnepris (2004).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.03.2013
Sist oppdatert: 08.03.2013