Hopp til innhold
X
Innhald

Kåre Kolberg

Kåre Kolberg var komponist, organist, skribent og musikkpolitikar med mange tillitsverv. Kolberg vart fødd i Birkenes i Aust-Agder 24. april 1936 og døydde i Holmestrand i Vestfold 19. august 2014. Kolberg hadde som komponist både stilistisk og sjangermessig stor breidd. Mellom verka hans finn ein elektronisk musikk (Keiserens nye slips), kammermusikk, orkestermusikk (Aria in aria), vokalmusikk (Plym-plym, For the time being), ballettmusikk og musikk for teater (som Byggmester Solnes og Tartuffe for fjernsyn).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.11.2013
Sist oppdatert: 25.06.2019