Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Kari Kjønaas Kjos

Kari Kjønaas Kjos, rådgivar og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Akershus frå 2005.

Kari Kjønaas Kjos er fødd 25. januar 1962 i Oslo. Ho gjekk på Fagerborg videregående skole i 1978–81, tok Star Tours reiseleiarskule på Mallorca i 1983 og bedriftsøkonomi ved Bedriftsøkonomisk Institutt i 1993–95.
Kjos var assistent i Åkeberg barnehage i 1981–82 og Gransletta barnehage i 1983–84. Ho var saksbehandlar i Hetlandhus i 1984–86, dagleg leiar i Økonomisko i 1995–2000, fylkessekretær i Akershus FrP i 2000–03, rådgivar ved distriktskontoret for Østfold og Akershus FrP i 2003–05.
Ho var sekretær i Lørenskog FrP i 1996–2001, medlem av Lørenskog formannskap i 1999–2007 og kommunestyrerepresentant i 2007–11, varamedlem til Akershus fylkesting i 2007–11 og stortingsrepresentant for FrP frå 2005. Dei viktigaste politiske sakene hennar er kommuneøkonomi, helse og kontantstøtte.
Kjos var medlem av styret for Vallerudtoppen borettslag i 1994–98, leiar for burettslaget i 1998–2002, medlem av styret for Lørenskog Boligbyggelag i 1999–2003, medlem av generalforsamlinga i Sentralrenseanlegget RA-2 i 2003–05 og meddommar i lagmannsretten på Romerike i 2003–05. Ho var medlem av styret for Vallerud barnehage i 2003–05, medlem av likningsnemnda på Nedre Romerike i 2003–07, varamedlem i styret for Lørenskog videregående skole i 2003–05 og varamedlem i overformynderiet i Lørenskog frå 2007.
Kjelder
Kari Kjønaas Kjos, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KKK [lesedato 5.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 13.06.2012
Sist oppdatert: 13.05.2013