Hopp til innhold
X
Innhald

Karin Krog

Karin Krog, fødd 1937, er jazzsongar. Ho vart kjend i slutten av 1950-åra og slo gjennom internasjonalt i Frankrike i 1964. Krog har blitt internasjonalt anerkjend og har halde konsertar i mange land. Repertoaret hennar strekkjer seg frå blues og «standards» til dei mest eksperimentelle songartane, med bruk av elektronikk. Sidan 1980-åra har Krog samarbeidd med John Surman. Ho har eit stort tal plateutgivingar bak seg, og i 1965 fekk ho Buddy-statuetten.
 
I 2014 mottok Karin Krog Spellemannpris for beste jazzplate, saman med John Surman for Songs About This And That.
 
Høyr Karin Krog synge My Foolish Heart:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.11.2013
Sist oppdatert: 20.01.2014