Hopp til innhold
Foto: Asbjørn Jensen/ Forlaget Oktober
Foto: Asbjørn Jensen/ Forlaget Oktober
X
Innhald

Karl Ove Knausgård

Karl Ove Knausgård, forfattar og forleggjar. Han gav ut to romanar før han tok til på romansyklusen Min kamp. Med dette seksbandsverket greip Knausgård tak i viktige tendensar i samtida og utfordra skiljet mellom roman og sjølvbiografi.

Karl Ove Knausgård er fødd 6. desember 1968 i Oslo. Han voks opp på Tromøya i Arendal og i Kristiansand, der han gjekk på Kristiansand Katedralskole frå 1984 til 1987. Han er no busett i Malmö. Knausgård var elev ved Skrivekunstakademiet i Hordaland (1988–89), før han hausten 1989 byrja på grunnfag i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Han tok mellomfag i både litteraturvitskap og kunsthistorie same staden.
Knausgård arbeidde eit år som lærarvikar på Fjordgård skole på Nord-Senja (1987–88) og har seinare for det meste livnært seg som forfattar. Mellom 1999 og 2002 var han medredaktør i tidsskriftet Vagant.
Han debuterte i 1998 med romanen Ute av verden. Seks år seinare kom En tid for alt (2004). Dei to romanane er slåande ulike, men begge er av høg litterær kvalitet og dessutan knytte til kvarandre gjennom karakteren Henrik Vankel. I 2009 kom første bok av Knausgård sin sjølvbiografiske og nyskapande romansyklus Min kamp. Den sjette og siste boka i denne syklusen kom i 2011. I 2012 kom boka Alt som er i himmelen, som i tillegg til eit essay av Knausgård inneheld fotografi av Thomas Wågström.
I 2010 var han med på å stifte Pelikanen Forlag, saman med mellom andre Yngve Knausgård og Asbjørn Jensen, og etter avslutninga av Min kamp-prosjektet har han aktivt vore med i drifta av forlaget. Han har òg skrive essay i både norske og internasjonale aviser og tidsskrift.
Som første debutant nokon gong fekk Knausgård Kritikarprisen i 1998 for Ute av verden. Han har seinare fått fleire prisar, mellom anna P2-lyttarane sin litteraturpris i 2004 for En tid for alt og Brageprisen i 2009 for Min kamp. Første bok. I 2009 blei dessutan En tid for alt nominert til den prestisjefulle IMPAC Dublin Literary Award, og dei tre første bøkene i Min kamp-prosjektet blei kåra til Årets bok i Morgenbladet. I 2011 fekk han Gyldendalprisen for heile forfattarskapen.
Debuten og andreboka
Den omfangsrike romanen Ute av verden gjorde debutanten Knausgård til eit lite fenomen. Forteljinga om Henrik Vankel, ein ung lærarvikar som forelskar seg i den 13 år gamle eleven sin, skildrar mannleg skam på ein både rørande og utfordrande måte. Her finn ein allereie den vekslinga mellom narrativt driv og essayistisk dveling som òg pregar Knausgård sine seinare romanar. Ute av verden låner trekk frå danningsromanen, men utan at hovudpersonen Vankel går igjennom den mogningsprosessen som kjenneteiknar slike romanar. Dei essayistiske delane er dessutan med på å gi romanen sitt særpreg, dei koplar den individuelle historia til allmenne tema.
På bokryggen til Ute av verden står det eit ukommentert eitt-tal, og det knytte seg difor store forventingar til ein eventuell oppfølgjar då boka kom ut. Oppfølgjaren En tid for alt har ikkje mykje til felles med debuten. Over dei fem hundre første sidene fortel Knausgård englane si historie, basert på ei oppdikta kjelde av ein oppdikta forfattar. Her fortel han og diktar òg om på sentrale historier frå Bibelen, og det er først i tredje del at Henrik Vankel dukkar opp. Dei siste femti sidene av romanen ymtar om at det er Vankel som har forfatta englehistoria. En tid for alt er ein merkverdig roman og inneheld filosofiske så vel som teologiske spekulasjonar kring bibelske tema. Karakterane har ei eiga psykologisk djupn, og forteljingane tek ofte andre retningar enn i dei kanoniserte bibeltekstane.
Knausgårds kamp – livet, litteraturen og media
Bokprosjektet Min kamp blei presentert i media samstundes som Min kamp. Første bok kom ut. Det hadde difor eit performativt preg frå byrjinga av. Knausgård skriv openlyst sjølvbiografisk, utleverer seg sjølv og andre, men kallar samstundes boka ein roman. Slik går han inn i ei såkalla «dobbelkontrakt» med lesaren: Blandinga av fiksjon og fakta set i sving ulike kommunikasjonsmodellar, og kommunikasjonssituasjonen som oppstår, kan verke forvirrande. Utleveringa av forfattaren og kjenningane hans vekte òg sterke reaksjonar i media, og Knausgård blei attpåtil truga med søksmål etter utgivinga.
Prosjektet sette spor i det litterære offentlege rommet. Jamvel formelle organ blei påverka: Der Norsk kulturråd tidlegare kjøpte inn maksimalt éi skjønnlitterær bok per år, blei det for Min kamp gjort unntak. Min kamp var planlagd utgitt som to bøker i løpet av eit år, men prosjektet blei både forandra og forseinka. Forseinkinga kom delvis av den enorme merksemda bøkene fekk i media. Denne merksemda gjorde at Knausgård sitt prosjekt blei utvida og gav han høve til å tematisere sjølve tilbliingshistoria.
Særskilt Min kamp. Sjette bok ber preg av meta-refleksjon, men her finn vi òg svært personlege skildringar frå familielivet, og dessutan essayet «Navnet og tallet», som strekkjer seg over fire hundre sider. Essayet tek mellom anna for seg Adolf Hitlers Mein kampf og munnar ut i interessante refleksjonar om tilhøvet mellom individ og samfunn. Via filosofar som Emmanuel Lévinas og Giorgio Agamben viser Knausgård korleis det etiske alltid føregrip det politiske, og i namnet ligg ei mellommenneskeleg forplikting som forsvinn i totalitære politiske system, der menneske blir til masse, og namn blir til tal.
 
 
Videoklipp frå NRK Skole: «Min kamp – seks bøker», http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/798026 [lesedato 24.9.2013]
 
Kjelder
E-post frå Eirik Bø, dagleg leiar i Pelikanen Forlag, 29.1.2013
Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2012
Marta Norheim: Røff guide til samtidslitteraturen. Oslo 2007
Eivind Tjønneland: Knausgård-koden. Et ideologikritisk essay. Oslo 2010
Ane Farsethås: «Trassig og kontrær», Morgenbladet 29.11.2011, morgenbladet.no: http://morgenbladet.no/boker/2011/trassig_og_kontraer#.URApFVrm4Q4 [lesedato 4.2.2013]
Tom Egil Hverven: «Mørket kalder på en forklaring», Information 16.12.2011, information.dk: http://www.information.dk/287959 [lesedato 4.2.2012]
Forfattarprofil hos Oktober Forlag, oktober.no: http://oktober.no/Forfattere/Norske/Knausgaard-Karl-Ove [lesedato 4.2.2013]
Peikarar
Reportasje om Knausgård på NRK Skole

Først publisert: 24.09.2013
Sist oppdatert: 18.06.2014