Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Kristiansen

Knut Kristiansen, fødd 1946, er jazzmusikar, pianist, arrangør og komponist. Kristiansen er inspirert av musikken til Thelonious Monk. Han var sentral i jazzlivet i Bergen frå 1960-åra og framover. Kristiansen leidde eit storband i Bergen, og han har vore med i Steam, Son Mu, Night and Day og fleire. Han har også gitt ut plater, og i 1983 fekk han Buddy-statuett.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 18.11.2013