Hopp til innhold
X
Innhald

Konfutse

Konfutse (eller Confucius, som er ei latinsk form av Kong Fuzi eller Konfutse, eigentleg Kung Kiu), kinesisk filosof og lærar som grunnla det kultur- eller åtferdsmønsteret og det moralske tankesettet som opp til vår tid har vore knytt til Kina. Konfutse levde frå 551 til 479 f.Kr., som var ei tid med mykje strid. Han reiste ofte rundt og underviste eller søkte oppdrag som rådgivar.
Konfutse la stor vekt på sed og skikk og nedarva tradisjonar, framfor alt på det å vere ærbødig og lydig overfor eldre og føresette. Dette førte iblant til sterk vekt på form og ritual. Tankane hans kan vi finne i to samlingar: Lunyu (på nynorsk i 1988 som Samtalar), som inneheld morallæra hans, og Liji, eit detaljert regelverk for mellom anna rett åtferd i samfunnet. Konfutse var ingen religionsstiftar, men det er reist fleire tempel til ære for han.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.01.2013
Sist oppdatert: 02.01.2013