Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrillos og Methodios

Kyrillos, ca. 820–869, og Methodios, ca. 820–885, var to greske brør som vart kalla slavarapostlane. Brørne vart i ca 860 kalla inn til fyrsten av det stormähriske riket for å misjonere hos vestslavarane. Dei skapte det slaviske alfabetet og skriftspråket på grunnlag av ein sørslavisk dialekt frå heimstaden Saloniki: kyrkjeslavisk. Brørne omsette òg delar av Bibelen og kyrkjeliturgien.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012