Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Lars Korvald

Lars Korvald, politikar og rektor ved Tomb jordbruksskole. Etter folkeavstemminga om EF i 1972 skipa nei-sida med partia Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre regjering med Korvald som statsminister.

Lars Korvald var fødd 29. april 1916 i Mjøndalen i Nedre Eiker kommune i Buskerud og døydde same stad 4. juli 2006.
Då regjeringa Bratteli kunngjorde sin avgang etter nei-fleirtalet ved folkeavstemminga i 1972, var haldninga i Stortinget at nå måtte nei-sida ta ansvar og skipe regjering. Men kva var nei-sida? Senterpartiet var det einaste reine nei-partiet på Stortinget då. I Kristeleg Folkeparti var gruppa delt på midten, sju representantar sa ja og sju sa nei til EF-medlemskap. I Venstre var det eit klart fleirtal på åtte som sa ja, men eit mindretal på fem som sa nei. I Arbeidarpartiet var det klart eit fleirtal som hadde stemt ja, men også ei stor nei-gruppe. Korleis skulle ei nei-regjering sjå ut?
Ja-sida i både Venstre og Kristeleg Folkeparti meinte at Senterpartiet åleine burde skipe regjering, mens nei-sida i dei to partia meinte at det burde bli ei koalisjonsregjering der også heile KrF og Venstre vart med. I KrF vart det ein kraftig indre strid om dette, og i starten av forhandlingane var KrF sitt krav at partiet berre ville delta dersom også heile Venstre deltok. Senterpartiet på si side sa seg villig til, om alt anna skar seg, å skipe ei regjering åleine med Per Borten som statsminister, men det var usemje også i den gruppa om Bortens kandidatur.
Nei-sida skipar regjering
I KrF måtte ja-sida til slutt gi seg og seie ja til regjeringsdeltaking, men då skulle føresetnaden vere at partiets grand old man, Kjell Bondevik, skulle bli statsminister. Spekulasjonane i pressa gjekk også i retning av at det var uråd å kome utanom Bondevik i statsministerstolen. Lars Korvald, partiets parlamentariske leiar sidan 1965 og partiformann sidan 1967, var det få som rekna med. Alternativet om ikkje Kjell Bondevik ville, kunne lett bli Per Borten, Senterpartiets statsministerkandidat, og då ville det bli bråk både i KrF og i Venstre. Venstre stilte med Hallvard Eika som statsministerkandidat, men det vart snart klart at det berre vart fem i Venstre-gruppa som støtta skipinga av denne regjeringa. Landsstyret i partiet støtta dei fem, men i Venstre har stortingsgruppa alltid hatt ei fri stilling i høve til partiet. Landsstyret kunne ikkje binde gruppa, og dette at ja-fleirtalet i stortingsgruppa ikkje ville støtte og delta i skipinga av denne regjeringa, vart seinare den direkte årsaka til at Venstre vart splitta på landsmøtet på Røros ein knapp månad seinare. Det viste seg også at Kjell Bondevik til slutt sa tvert nei til å bli statsminister. Då tok det ikkje lang tid før KrF samla seg om Lars Korvald, og sidan korkje KrF eller Venstre ville ha Borten, vart det Korvald som reiste til Slottet for å få regjeringsoppdraget. Han skulle skipe ei sentrumsregjering med to heile partigrupper og under ei halv Venstre-gruppe bak seg i Stortinget, men med eit nei-fleirtal bak seg i folket.
For Lars Korvald vart det inga enkel oppgåve å skipe regjering. Han hadde lært frå danninga av Borten-regjeringa i 1965 at han som statsminister måtte ha siste ordet om kven som skulle bli statsrådar. Parolen var, særleg frå Senterpartiet at berre nei-folk skulle med i regjeringa. Dette skapte strid i KrF, og til slutt måtte Borten og Senterpartiet godta at det kom med to KrF-statsrådar frå ja-sida. 39 mandat hadde regjeringa bak seg i Stortinget. Det var einaste Bondeparti-regjeringane frå 1931 til 1933 og Joh. Ludw. Mowinckel si vaklande Venstre-regjering frå 1933 til 1935 som fram til då hadde hatt svakare parlamentarisk basis. For Korvald-regjeringa viste det seg at det parlamentariske grunnlaget ikkje fekk så mykje å seie. Regjeringa hadde ei hovudoppgåve og det var å skaffe landet ein akseptabel handelsavtale med EF. Inntil den jobben var gjort, var regjeringa nærast freda. Regjeringa kunne kritiserast, og stemmast ned, men ikkje fellast. Det var dessutan ein sterk nei-fraksjon i Arbeidarpartiet som passa på at partiet ikkje la altfor store vanskar i vegen for nei-regjeringa. Nederlaga vart mange i Stortinget, men regjeringa sat vidare til jobben var gjort. Spøkefullt vart det sagt at einaste måten å få denne regjeringa fjerna på, var å la politiet fjerne henne.
Frå rektor til statsminister
Lars Korvald hadde nok aldri tenkt seg tanken på seg sjølv som statsminister. Det var svært motvillig at han gjekk med på å la seg nominere på førsteplassen på KrF-lista for Østfold i 1960. Han hadde ikkje politiske ambisjonar. I 1952 hadde han blitt rektor på Indremisjonsselskapets jordbruksskule i Råde i Østfold, Tomb jordbruksskole. I tillegg reiste han rundt som emissær. Sjølv seier han at desse rektoråra på Tomb har vore dei beste åra i livet hans, og at han både i den første og andre stortingsperioden sin lengta tilbake til Tomb.
Korvald vart fødd på garden Korvald i Mjøndalen i Nedre Eiker kommune i Buskerud, og det var tenkt slik at han skulle overta garden. Han gjekk det såkalla «stutekurset» på Hamar, artiumkurset for å kvalifisere seg til Norges Landbrukshøgskole på Ås og vart ferdig utdanna landbrukskandidat i 1943. Med ein gong fekk han arbeid som lærar ved Tomb. I 1945 melde han seg inn i Kristeleg Folkeparti, men sa nei til alle som ville ha han med i lokalpolitikken. I 1960 derimot godtok han ei rolle i rikspolitikken, og frå 1961 sat han på Stortinget. Den første perioden gjorde han seg ikkje særleg mykje gjeldande. Han verka litt grå og anonym. Han var 45 år då han tok til som stortingsrepresentant, og var då heilt blank som politikar. Behovet for å lære var difor stort. Litt må han likevel ha markert seg, for alt i 1965 vart han parlamentarisk leiar i KrF. Då var både partileiaren, Einar Hareide, og den tidlegare parlamentariske leiaren, Kjell Bondevik, ute av Stortinget. Bondevik kom inn att som kyrkje- og undervisningsminister i Borten-regjeringa.
Som parlamentarisk leiar vart Lars Korvald med i forhandlingane om skipinga av regjeringa Borten. Då han sjølv skulle prøve seg i 1972, visste han difor ein del om korleis det ikkje skulle gjerast. I 1967 vart han vald til formann i Kristeleg Folkeparti, og formann var han i første omgang til 1975, og så etter eit mellomspel med Kåre Kristiansen, gjekk han på ein ny periode frå 1977 til 1979, då Kristiansen på nytt tok over.
Høvdingen
Så lenge Kjell Bondevik var aktiv i politikken, spelte nok Lars Korvald andrefiolin, men det hadde han ikkje noko imot. Han såg opp til og lærte mykje av Kjell Bondevik, men etter at hans tid var ute, var det Lars Korvald som steig fram som høvdingen i KrF. Personleg var han ingen høvding. Snarare verka han smålåten og lite brautande. Sterk fargelegging, store ord og overdimensjonering låg ikkje for Korvald som politikar. Som talar verka han heller tørr, men han vart lytta til og respektert fordi han var sakleg og grundig. Lars Korvald var som politikar langt frå utan humor. Han har alltid hatt eit strengt kristent moralsyn, men noko hengehovud var han ikkje. Gode historier likte han, og han kunne også gi frå seg slike. Privat er han også ein lun forteljar.
I dei travlaste åra vart det ikkje mykje tid til hobbyar for Lars Korvald, men når han fekk tid, så likte han å praktisere utdanninga si, arbeide med jorda, dyrke og stelle i hagen sin. Etter at han vart pensjonist flytta han då også tilbake til farsgarden Korvald i Mjøndalen. Lars Korvald er også glad i lyrikk, og likte også å deklamere dikt, særleg dikt av sambygdingen Herman Wildenvey.
EF-striden splitta partia
Korvald hadde ei viktig rolle saman med nestformannen i partiet, Kåre Kristiansen, i å bygge bru over den kløyvinga som kom i KrF i samband med folkeavstemminga i 1972. Det kristne trusfellesskapet viste seg å vere eit sterkt nok lim. I så måte gjekk det verre i Venstre og også i Arbeidarpartiet. Situasjonen i Stortinget før og etter folkeavstemminga var nok heilt spesiell i norsk parlamentarisk historie. På grunn av denne eine saka delte partigruppene seg og lojalitetsmessig sette seg saman på ein annan måte. I stortingsrestauranten har partigruppene sine nokså faste bord, men i tida før og etter folkeavstemminga sette representantane seg ned ved eit nei-bord eller ved eit ja-bord alt etter kva syn dei hadde på EF-medlemskap. Kva parti dei kom i frå vart underordna denne eine store saka. Det kom til ein viss grad også til å prege Korvald-regjeringa sitt arbeid. Uoffisielt kunne regjeringa rekne med sympati frå alle nei-representantane, i alle fall i saker som hadde med marknadssaka å gjere.
Som handelsminister hadde Korvald valt den solide venstremannen Halvard Eika. Han hadde lang røynsle som formann i Norges Bondelag, og han var ein flink forhandlar. Som forhandlingsleiar på norsk side valde regjeringa leiaren for rettsavdelinga i Utanriksdepartementet, den skarpskodde folkerettsjuristen Jens Evensen. Han hadde ikkje gjort noko som skulle tyde på at han var tilhengar av norsk medlemskap i EF. Mange andre av dei aktuelle embetsmennene i UD vart sett på som ja-folk.
Etter nokså harde forhandlingar kunne handelsminister Eika underteikne handelsavtale med EF i mai 1973. Dermed var det i grunnen sett punktum for sjølve EF-striden for denne gongen, men det gjekk ei stund før såra hadde grodd. Den vanskelegaste saka for regjeringa vart den såkalla Crotale-saka. Crotale er namnet på ein slange, men også namnet på ein fransk rakett. Regjeringa vart mistenkt for å ha kopla kjøpet av den franske raketten opp mot oppfylling av visse norske krav i handelsavtalen. Dette hadde ikkje regjeringa orientert Stortinget om, og kritikken gjekk på at regjeringa hadde forsømd informasjonsplikta si. Det er alvorleg. Den fremste kritikaren var dessutan Helge Seip, formannen i utanrikskomiteen og tidlegare partikollega med Hallvard Eika. Det gjekk så langt at Arbeidarpartiet sette fram mistillitsforslag mot Korvald-regjeringa, men dette støtta korkje Seip eller Høgre. Det borgarlege fleirtalet berga regjeringa. Samarbeidet i Korvald-regjeringa var elles godt, og sjølv om forhandlingane om handelsavtale var hovudsaka, så gjennomførde regjeringa også fleire andre viktige saker. Ho var sjølvsagt avhengig av støtte frå andre parti for å få det til.
Regjeringsskifte
Alt i god tid før valet i 1973 kunngjorde Lars Korvald at hans regjering ville gå av så snart det nyvalde Stortinget hadde blitt samla. Han meinte at regjeringa hadde kome i stand som følgje av ein ekstraordinær situasjon, og at det snarast var viktig å kome tilbake til det normale. Korvald fekk kritikk for dette standpunktet. Det var dei som hevda at regjeringa godt kunne ha blitt sitjande til ho vart felt i Stortinget. Arbeidarpartiet opplevde sitt største katastrofeval i 1973, mens nei-partiet, det fusjonerte Sosialistisk Valforbund, opplevde eit brakval og kom inn med 16 mandat. Til saman vart dette eit knapt sosialistisk fleirtal, men var det gitt at SV ville bidra til å felle ei nei-regjering? Arbeidarpartiet ville ikkje greie det åleine, og ville Høgre bidra til å gi makta til Trygve Bratteli? Lars Korvald likte ikkje slikt taktikkeri, og han konkluderte med at etter eit val der fleirtalet skiftar frå ikkje-sosialistisk til sosialistisk, så bør det skje eit skifte av regjering. Den største taparen av alle ved dette valet, Arbeidarpartiet og Trygve Bratteli skipa difor ny regjering, og Korvald gjekk tilbake til Stortinget som parlamentarisk leiar.
Stortingsvalet i 1977
Det skulle ikkje gå så mange åra før EF-striden var historie og dei tre borgarlege partia, KrF, Sp og Høyre på nytt kunne starte sonderingar med sikte på regjeringssamarbeid. Alt i desember 1975 var det første møtet, og målsettinga var borgarleg valseier i 1977. Valnatta, natt til 13. september, peika i retning av eit hårfint fleirtal for Arbeidarpartiet og SV, men på formiddagen den 13. hadde teljinga av førehandsstemmene gjort at fleirtalet vippa over til dei borgarlege partia. Partiformennene i KrF, Senterpartiet og Høgre hadde det første møtet sitt, og hadde vel omtrent blitt samde om at Lars Korvald på nytt skulle bli statsminister, då det kom det melding om at det hadde dukka opp ein konvolutt med SV-stemmer i Nordland som hadde hamna blant Høgre-stemmene. Desse ekstrastemmene ga SV eitt mandat. Hanna Kvanmo vart innvald og ho sikra sosialistisk fleirtal og Odvar Nordli som statsminister.
Korvald sat som parlamentarisk leiar til han gjekk ut av Stortinget i 1981. Han vart same året utnemnd til fylkesmann i Østfold i og sat som det til 1986 då han vart pensjonist.
Politikaren
Som politikar var Lars Korvald ein godviljens mann. Han var flink til å finne fram til kompromiss i vanskelege saker og var oppteken av å halde ord. Rotfest som han var i den kristne lekmannsrørsla, hadde han et strengt og prinsippfast moralsyn. Når politiske løysingar kolliderte med det, var det dei politiske løysingane som måtte vike. Meir enn dei andre KrF-leiarane var nok Korvald oppteken av Kristeleg Folkeparti si spesielle rolle i det politiske liv, og at partiet ikkje måtte «selje førstefødselsretten sin for ein rett linser», slik det står i Bibelen at Esau gjorde. Korvald var ingen glødande tilhengar av borgarleg samarbeid, slik til dømes Kåre Kristiansen var det. Snarare var han ei bremse på regjeringsiveren. Lars Korvald hadde stor tillit i breie lag av folket. Han flaug ikkje høgt og lanserte dei stor vyene, men var jordnær og ekte og tillitvekkjande.  

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 02.03.2012
Sist oppdatert: 07.06.2013