Hopp til innhold
Foto: Morten Holtum/ Samlaget
Foto: Morten Holtum/ Samlaget
X
Innhald

Lene Kaaberbøl

Lene Kaaberbøl, dansk forfattar av fantasybøker for barn og ungdom. I Noreg er barne- og ungdomsbøkene hennar omsette til nynorsk og gitt ut på Det Norske Samlaget.

Lene Kaaberbøl er fødd 24. august 1960 i København. Ho voks opp utanfor Århus og bur no i København. Ho er utdanna cand.mag. ved Aarhus Universitet (1985), med faga engelsk og dramaturgi, og har arbeidd som gymnaslærar, forlagsredaktør, reklameforfattar, omsetjar og ridelærar. Ho er medeigar og kreativ direktør i det danske forlaget Phabel.
På norsk kom Skammarserien i fire band frå 2002 til 2004. Bøkene har vore ein salssuksess og er trykte i fleire opplag. Katrionaserien, med tre bøker, kom i 2005 og 2006, og Skuggeporten kom i 2007. I 2012 kom første bok i Villheksserien ut på norsk. Serien kjem ut parallelt på nynorsk og bokmål. Bøkene til Kaaberbøl er omsette til mange språk og gitt ut i meir enn tjue land. Kaaberbøl set sjølv bøkene sine om til engelsk.
Kaaberbøl har vunne Disney-prisen for Disney-teikneserien sin W.I.T.C.H. (2002). Skammarserien har vore nominert til The Marsh Award, den britiske prisen for omsett barnelitteratur. Ho fekk Harald Mogensen-prisen for beste danske kriminalroman i 2008.
Saman med Agnete Friis fekk ho Harald Mogensen-prisen for beste danske kriminalroman i 2008 med Gutten i kofferten.
Interesse for hestar og fantasy
Kaaberbøl fekk tidleg interesse for hestar, og som 12-åring tok ho til å skrive historier. I 1975 debuterte ho med Den første bog om Tina og hestene, som blei ein serie på fire bøker. Den første boka på norsk var Tina og Sunny i Pennyklubben i 1990.
I 1988 kom den første boka for vaksne, Morgenlandet. Dette var truleg den første fantasyromanen i Danmark, og det blei starten på ei rekkje fantasyromanar for barn og ungdom. Ho er inspirert av J.R.R. Tolkiens Ringenes herre og Ursula K. LeGuins trilogi om Jordsjø. I fantasysjangeren kan ho kombinere spenning, fantasi og moral på ein måte som den realistiske forteljinga ikkje kan, og ho vil at forteljingane skal ende godt.
Skammarserien
Skammarens dotter (2002), Skammarteiknet (2003), Slangens gåve (2004) og Skammarkrigen (2004) handlar om ti år gamle Dina, som har spesielle evner. Folk må snakke sant når ho ser dei inn i auga, og dei skammar seg over det dei har gjort. Alle fryktar Dina. Ho blir utstøytt sosialt, samtidig som somme prøver å utnytte henne.
Handlinga utspelar seg i ei mørk og skummel verd, og den dramatiske handlinga verkar realistisk. Serien er lagd til eit landskap som kan likne det skotske høglandet og eit mellomalderliknande klansamfunn, og det finst både fangetårn og drakar. I botnen ligg grunnleggjande eksistensielle spørsmål om kven som er vond, og kven som er god. Men bøkene tek òg for seg det å bli vaksen og det å ta etiske val.
Ein teaterversjon av Skammarens dotter blei spelt på Månteatern i Lund i Sverige i 2008. Omsetjaren, Øystein Rosse, fekk i 2004 Kulturdepartementet sin omsetjarpris for Skammarens dotter og Skammarteiknet.
 
Katrionaserien
Sølvhesten (2005), Hermelinen (2006) og Isfuglen (2006) handlar om Katriona Teresadotter. Serien blei omsett til norsk etter Skammarserien, men blei utgitt i Danmark tidlegare. Serien kom i parallellutgåve på bokmål mellom 2007 og 2009.
13-årige Katriona, den tøffe raudhåra og temperamentsfulle heltinna, som unge menneske kan identifisere seg med, vil bli sølvryttar – bredinari. Kaaberbøl skriv igjen om eit feministisk univers og eit mytisk landskap med maktintrigar, hestar og sverd.
Skuggeporten
Skuggeporten er ei enkeltståande forteljing som kom i 2007. Ein kjenner att trekk og skriveteknikkar frå C.S. Lewis sine Narniabøker og Astrid Lindgrens Mio, min Mio, og det finst intertekstuelle referansar til desse bøkene. Skuggeporten handlar om 13 år gamle Anna, som er stum og bur åleine med far sin. Anna leitar etter mora og hamnar i Nattlandet, på flukt frå nattdronninga, Nera. Stemninga er mystisk, fantasien til lesaren blir utfordra, og dei menneskelege konfliktane står i sentrum. Både Skuggeporten og Skammarserien reflekterer over spørsmål om kven vi eigentleg er.
Andre sjangrar
Lene Kaaberbøl har skrive fleire barnebøker saman med mellom anna systera Eva Kaaberbøl og Anne Marie Vessel Shlüter. I W.I.T.C.H.-serien er det kome ni bøker. Her er der klare likskapstrekk med superheltarseriar, og fem tenåringsjenter har makt over grunnelementa. Villheksserien handlar om Clara som er villheks og stadig kjem ut for farar, spenning og mysterium. Eldprøva (2012) er første bok på norsk i ein serie på fire bøker. Øystein Rosse har og sett denne serien om til norsk, og denne serien kjem parallelt på nynorsk og bokmål.
Saman med Agnete Friis har Kaaberbøl skrive fleire kriminalromanar om Røde kors-sjukepleiaren Nina Borg. Gutten i kofferten kom på norsk i 2011, Et stille, merkelig drap (2012) og Nattergalens død (2013). Ho gav ut Kadaverdoktoren (2012) , den første og kritikarroste kriminalromanen og i ein trilogi med handling frå slutten av 1800-talet.
Lene Kaaberbøl og artisten Aura laga den første plug-and-read-boka i verda, eventyret Sirene (2009). Det blir kalla eit romanalbum og er roman, teikneserie og musikkalbum i eitt.
 
Kjelder
Forfattarside om Lene Kaaberbøl, samlaget.no, http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/K/Lene--Kaaberboel.aspx [lesedato 27.05.2010]
«Lene Kaaberbøl - Eventyrsjelen», txt.no, http://txt.no/index.php?option=com_content&task=view&id=171&Itemid=212 [lesedato 27.05.2010]
Nettstaden til Lene Kaaberbøl, http://www.kaaberboel.dk/ [lesedato 27.05.2010]
Anne Cathrine Straume: «Fantastiske barnebøker», nrk.no, publisert 08.08.2006, http://www.nrk.no/kultur_og_underholdning/1.1273563 [lesedato 27.05.2010]
Inger Østenstad: «Særs vellykket fantasy fra Danmark», bokomtale av Skammarens dotter og Skammarteiknet, barnebokkritikk.no, publisert 10.04.2010, http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=39 [lesedato 27.05.2010]

Først publisert: 15.09.2010
Sist oppdatert: 27.01.2014