Hopp til innhold
X
Innhald

Leo von Klenze

Leo von Klenze, 1784–1864, var tysk arkitekt.

Klenze bygde for fleire monumentalbygningar i nyklassisistisk stil i München for Ludvig I av Bayern. Mellom hovudverka hans finn ein Glyptoteket (1816–31), Alte Pinakothek (1826–36) og Propyleene (1846–60), og dessutan Eremitasjen i St. Petersburg (1839–52).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016