Hopp til innhold
Portrett av Liv Køltzow. Foto: Niklas R. Lello. Med løyve frå Aschehoug.
Portrett av Liv Køltzow. Foto: Niklas R. Lello. Med løyve frå Aschehoug.
X
Innhald

Liv Køltzow

Liv Køltzow er forfattar. Ho var ein del av den såkalla Profil-krinsen, ein krins av skeptiske og samfunnskritiske unge forfattarar rundt universitetstidsskriftet Profil på 1960-talet.

Liv Køltzow, fødd i 1945, er forfattar. Ho var ein del av den såkalla Profil-krinsen, ein krins av skeptiske og samfunnskritiske unge forfattarar rundt universitetstidsskriftet Profil på 1960-talet.

Ho gav ut novellesamlinga Øyet i treet i 1970 og romanane Hvem bestemmer over Bjørg og Unni? i 1972, Historien om Eli i 1975 og Løp, mann i 1980. I 1983 kom novellesamlinga April / november, og ho gav ut romanen Hvem har ditt ansikt? i 1988. Køltzow skreiv biografien Den unge Amalie Skram i 1992 og seinare Amalie Skrams verden i 1996 saman med Irene Engelstad og Gunnar Staalesen. I 1998 kom Noveller i samling. Køltzow fekk den første Amalie Skram-prisen i 1994 og Brageprisen 1997 for romanen Verden forsvinner (1997).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.04.2016
Sist oppdatert: 28.04.2016