Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Martin Kolberg

Martin Arvid Kolberg, markant partisekretær og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Buskerud frå 2009, oppteken av fagrørsla og av å knekkje «FrP-koden».

Martin Kolberg er fødd 24. februar 1949 i Drammen og voks opp i Lier. Han tok elektrofag på vidaregåande skule, teknisk forkurs og var ei stund student ved Oslo Tekniske Høyskole utan å fullføre. Kolberg har arbeidd som hjelpearbeidar i mekanisk industri, som laboratorieassistent ved Drammen Kabelfabrikk i 1968–72, hjelpearbeidar ved Romika skofabrikk og som postbod.
Frå 1973 har han arbeidd i partiorganisasjonen til Arbeidarpartiet og AUF. Han var sekretær i AUF i 1977–81, organisasjonssekretær i Ap i 1973–77 og 1981–86, kontorsjef i 1986–92, sekretariatsleiar for stortingsgruppa til Ap i 1992–95 og 1997–2001, statssekretær ved stasministerens kontor i 1995–96, statssekretær i finansdepartementet i 1996–97, partisekretær i Arbeidarpartiet i 2000–09.
Kolberg var medlem av Lier kommunestyre for Arbeidarpartiet i 1971–79, medlem av AUFs sentralstyre i 1973–81 og medlem av sentralstyret i Ap i 1995. Han var vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet frå Buskerud i 1977–81 og 2001–05, fekk fast plass frå 2009 og var parlamentarisk nestleiar i partiet 2009—13. Han er leiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget i perioden 2013—17. Han har arbeidd mykje med å utvikle ideologien til Arbeidarpartiet og å styrkje forholdet til fagrørsla, arbeider for medlemsdemokrati og for å knekkje «Frp-koden», den folkelege appellen til Framstegspartiet.
Han var medlem av bygningsrådet i Lier i 1971–80, medlem av barnevernsnemnda og skulestyret i Lier og medlem av vallovutvalet frå 1997.
Kjelder
Martin Kolberg, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=MAKO [lesedato 6.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 13.06.2012
Sist oppdatert: 13.09.2017