Hopp til innhold
Foto: Tove K. Breistein/ Samlaget
Foto: Tove K. Breistein/ Samlaget
X
Innhald

Mette Karlsvik

Mette Karlsvik, forfattar, journalist og illustratør.

Mette Karlsvik er fødd 28. november 1978 i Bodø og er busett i Oslo.

Ho tok vidaregåande på United World College i Wales 1996—97. Ho har teke kunsthistorie ved NTNU (1997–98), bachelorgrad i biletkunst frå Glasgow school of Art (1998–2002), Skrivekunstakademiet i Hordaland (2003–04), illustrasjonsstudiet ved Norges kreative fagskole (2004–05) og bachelorgrad i journalistikk ved Universitetet i Bergen (2005–2007). Ho har arbeidd som journalist mellom anna i Morgenbladet, Dagens Næringsliv, Dagsavisen og Bergens Tidende og har sidan 2010 jobba med informasjonsarbeid for Den norske Forfatterforening.

Karlsvik debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som handlar om ei jente med anoreksi. Den 90 sider lange romanen Flytårn, om ein flygeleiar på Kvernberget flyplass, blei utgitt i 2007, og i romanen Pol (2008) prøver hovudpersonen å få arbeid i Bergens Tidende.

Karlsvik gav ut barneboka 1–2–TRE i 2009. Det er ei fabulerande historie om miljø, vennskap og tre elleve år gamle jenter. Ho er representert i fleire antologiar, og ho skriv reisehandbøker for forlaget Grieg. Ho skriv energisk, sprudlande og kreativt med korte setningar og eit oppfinnsamt språk.

I 2011 kom den første sakprosaboka hennar, Post oske. Dagar og netter i Reykjavik. Boka handlar om Island etter finanskrisa og vulkanutbrotet. Romanen Bli Bjørk (2011) handlar om Island på 1990-talet og om songartisten Bjørk sin barndom og ungdom fram til gjennombrotet hennar. Også den illustrerte romanen Prinsland (2012), illustrert av Svein Størksen, og romanen Varmá (2016) handlar om Island. 

Karlsvik fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for Vindauga i matsalen vender mot fjorden i 2005. I 2011 fekk ho Sigmund Skard-stipendet, i 2012 fekk ho Stig Sæterbakkens Minnepris, Bokhandelens forfatterstipend og målprisen til Nordmøre Mållag, og ho fekk Skien kommunes kunstnerstipend for 2013.

Utdrag frå romanen Mørkerom

Hundre billionar celler deler seg, kviler, deler seg igjen, overalt, heile tida. Dei er synkroniserte og overlappar kvarandre. Lappar oss saman om og om igjen, til nye oss.

Mor di har ei celle som er større enn noka menneskecelle. Gelédekt, liksom ugripeleg, ligg eggcella i hennar midte og ventar på rastlause spermie. Dei skaper zygote. Celler deler seg, kviler, deler seg igjen. Du deler deg, samlar deg, deler deg igjen. Du har ikkje tid til kvile, har det travelt med å bli menneske, bli fødd, vekse til og døy.

33 år før du blir far min, kjem du til. Du fødest i ei stove mellom fjord og fjell. Fredly står imot når skogen blir vill. Mellom tretti artar tre, tre typar sjø: skjerma frå havet og med sikt over vatnet, der slår du rot. Det er ikkje rart du søv godt der, ved foten av fjellet.

Utdrag frå romanen Mørkerom. Samlaget 2017. 

Kjelder

E-post frå Mette Karlsvik, 6.3.2017
Mette Karlsvik, eigen nettstad, http://www.skrift.info/ [lesedato 24.3.2011]
Mette Karlsvik, forfattarside, samlaget.no, http://www.samlaget.no/Forfattarar/K/Mette--Karlsvik.aspx [lesedato 24.3.2011]

Peikarar

Først publisert: 10.10.2011
Sist oppdatert: 24.06.2018