Hopp til innhold
Foto: Tove Elin Berg/ Samlaget
Foto: Tove Elin Berg/ Samlaget
X
Innhald

Odveig Klyve

Odveig Klyve er ein norsk forfattar som skriv lyrikk, barnebøker og filmmanus. I 2006 fekk ho stor merksemd med diktboka Det andre blikket (2006), som handlar om alderdom og demens og forholdet mellom ei dotter og ei mor på sjukeheim.

Odveig Klyve er fødd 29. januar 1954 i Hardanger og bur no i Stavanger. Ho har gått på Skrivekunst-akademiet i Bergen, Sosialhøgskolen i Stavanger og har studert film og massemedia ved Høgskolen i Stavanger.

Klyve debuterte som lyrikar med boka Rift i 1993 og har sidan gitt ut ni diktsamlingar, åtte barnebøker og ein roman. Ho har gjendikta til norsk den iranske poeten Forugh Faarokhzad (Ein annan fødsel, 2002), den palestinske poeten Fadwa Tuqan (Aleine med dagane, 2005), dei engelske poetane Sara Maguire (Granatepla i Kandahar, 2011) og Gerda Mayer (Alle blad har mist sitt tre, 2013).  Klyve sine dikt er omsett til ei rekkje språk, mellom anna arabisk, engelsk, fransk, kinesisk, russisk, gælisk, hindi og rumensk.

Utdrag frå Det andre blikket

Dagane har skrive seg inn
i ansiktet ditt
med hemmelege teikn
Eg stavar dei rynke for rynke
medan du sakte formar
sirklar i fanget
med knokete fingrar

Utdrag frå diktsamlinga Det andre blikket av Odveig Klyve. Cappelen Damm 2006. 

Klyve arbeider med film, både som manusforfattar og som regissør. Ho har hatt manus og regi på ei rekkje kortfilmar, og fleire er blitt viste på filmfestivalar i Europa, USA og India. Klyve hadde ansvar for regi, manus, foto og lyd til Sju songar frå det som blir til (2006), ein filmsyklus med sju kortfilmar frå Palestina og Noreg. Klyve vart representert på Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga) i 2012 med eit videoverk.

Klyve fekk Stavanger Aftenblads kulturpris i 2005 og Ordknappen i 2007 for boka Glad i deg

Kjelder

Nettstaden til Odveig Klyve, http://www.odveigklyve.no/ [lesedato 16.06.2009] 

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 30.06.2018