Hopp til innhold

Olav Kobbeltveit

Olav Kobbeltveit, journalist og forfattar. Han var den første politiske redaktøren i Bergens Tidende og har skrive fleire aviskommentarar om nynorsk og språkpolitikk enn dei fleste.

Olav Kobbeltveit er fødd 15. februar 1951 i Fjell på Sotra. I vaksen alder endra han etternamnet frå Kobbeltvedt til Kobbeltveit, etter slektsbruket på Kolltveit i Fjell, der han også bur i dag.
Han byrja som journalist i Jærbladet i 1971, arbeidde seinare i Hallingdølen, Nynorsk Pressekontor og Gula Tidend før han i 1982 kom til Bergens Tidende. Frå 1995 til 2003 var han den første politiske redaktøren i avisa. Han er no kommentator. I Bergens Tidende har han dekt både lokalnytt, kultur og politikk. Han har òg skrive om nynorsk og målstrid. Mellom anna har han teke til orde for språkdelte lærebøker i alle fag i vidaregåande opplæring.
Kobbeltveit var medlem av arbeidsutvalet i Noregs Mållag 1977–79, har vore leiar for Sotra Mållag og har frå 2001 vore styremedlem i Norsk Pressehistorisk Forening.
Han har skrive fleire bøker, mellom anna biografiar om KrF-politikaren Valgerd Svarstad Haugland (2004) og Venstre-politikaren Lars Sponheim (2010, saman med Olav Garvik) og lokalhistoriske bøker om krigen i Fjell og om Fjell festning (1995 og 2006).
I 1994 vart Kobbeltveit tildelt Vinjeprisen frå Riksfondet for nynorsk presse for framifrå bruk av det nynorske målet i norsk presse gjennom mange år.
Kjelder
Marit Kalgraf: «Kobbelteft», Vestnytt 9.3.2010
NTB: «Olav Kobbeltveit 50 år 15. februar», 15.2.2001
Kjartan Rødland: «Jubilant», Bergens Tidende 14.2.2011
Nils E. Øy (red.): Pressefolk 1997. Institutt for Journalistikk 1998
Søk i Retrievers database

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 13.04.2018