Faktaboks

Ole Kopreitan

Ole Andreas Kopreitan

Fødd
19. september 1937, Stavanger, Rogaland
Død
23. januar 2011, Eidsvoll, Akershus
Verke
Politisk aktivist
Familie

Foreldre: Misjonsprest Ole August Kopreitan (1890–1940) og konfeksjonsarbeider Anna Ottervig (1907–99).

Gift 1) med lege Turid Evang (13.1.1937–6.1.2007), datter av lege Karl Evang (1902–81) og lege Gerda Moe (1905–85), ekteskapet oppløst; 2) 1999 med sykepleier Isabel Ortiz (1956–).

Ole Kopreitan

Ole Kopreitan. Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Ole Kopreitan
Av /NTB Scanpix ※.
Ole Kopreitan

Ole Kopreitan frå Nei til atomvåpen med stand på Karl Johans gate i Oslo 13. juli 1989. Kopreitan var eit velkjent innslag i bybiletet med barnevogna si med buttons, merke og litteratur mot atomvåpen. Her har han har fått ny barnevogn av organisasjonen Bestemødre for fred / Bestemødre på Stortingsplassen, representert ved Olaug Stixrud (f.v.), Oddlaug S. Andersen og Borghild Solly.

Ole Kopreitan
Av /NTB scanpix.

Ole Kopreitan var ein norsk politisk aktivist. Han gjekk ut av Sosialistisk Folkeparti i 1969, vart i 1971 organisator i folkerørsla mot EF og var i 30 år dagleg leiar for Nei til atomvåpen.

Bakgrunn

Ole Andreas Kopreitan var fødd i Stavanger. Han voks opp på Hitra og Eidsvoll, tok examen artium ved Eidsvoll landsgymnas og lærareksamen ved Sagene lærarskule.

Politikk og aktivisme

I 1963–1965 var Kopreitan leiar for Sosialistisk Ungdomsforbund, den nyskipa ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti (SF), og 1967–1969 var han partisekretær i SF. Då SF vart delt i 1969, var han mellom dei som marsjerte ut av landsmøtet, men han heldt avstand til m-l-rørsla.

Den største innsatsen gjorde han som aktivist og organisator i grasrotaksjonar og folkerørsler. Frå hausten 1970 arbeidde han i Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i EEC, først som friviljug på hovudkontoret, frå 1971 som fast tilsett. Frå 1981 til han døydde var han dagleg leiar for Nei til atomvåpen.

I tidlege år, og før han byrja i Nei til atomvåpen, var han aktiv i mange andre aksjonar og tiltak. Han engasjerte seg mellom anna mot apartheid-regimet i Sør-Afrika, mot Vietnamkrigen, mot kjernekraft og for miljøvern. I seinare år var han ofte å sjå på Karl Johans gate i Oslo, der han spreidde aksjonsaviser, brosjyrar og jakkemerke frå ei ombygd barnevogn. Ei av barnevognene er utstilt i Wergelands Hus på Eidsvoll 1814.

Utmerkingar

I 2002 vart Kopreitan heidra med Zola-prisen, utdelt av Foreningen til fremme av sivilt mot.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Erik Alfsen: 30 år med NTA. Nei til atomvåpen. Oslo 2009
  • Erik M. Alfsen mfl. (red): Begynnelsen til slutten på atomvåpnene? Oslo 1997
  • Jo Bech-Karlsen (red): De Ulydige. Kampskrift til Ole Kopreitan. Oslo 1987
  • Tor Bjørklund: Mot Strømmen. Kampen mot EF 1961–1972. Oslo 1982
  • Berge Furre: Vårt hundreår. Norsk historie 1905–1990. Oslo 1991
  • Finn Gustavsen: Kortene på bordet. Oslo 1979
  • Knut Kjeldstadli: «Sosialistisk Folkeparti». PaxLeksikon, bd. 6. Oslo 1981
  • Knut I. Tønsberg (red.) : Det er for sent å være pessimist nå. Oslo 2007

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg