Hopp til innhold
X
Innhald

Paul Klee

Paul Klee, 1879–1940, var tysk-sveitsisk målar, grafikar og kunstteoretikar. 

Klee var professor ved Bauhaus-skulen i Tyskland i åra 1921–30. I 1933 vende han tilbake til Sveits. Paul Klee var ein av banebrytarane for den moderne abstrakte kunsten og utvikla ein personleg stil som var fantasifull og nokre gonger surrealistisk og abstrahert, men aldri heilt nonfigurativ. Han gav mellom anna ut Pädagogisches Skizzenbuch (1925).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2017
Sist oppdatert: 06.11.2017