Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Peder Kolstad

Peder Kolstad, landbrukslærar og politikar. Han var statsminister i den første Bondeparti-regjeringa, frå 1931 til han døydde i 1932.

Peder Kolstad var fødd 28. november 1978 i Borge i Østfold og døydde i Oslo 5. mars 1932. I 1899, 21 år gamal, tok han eksamen ved Kalnes Landbruksskole i Tune. I 1902 tok han eksamen ved Norges Landbrukshøgskole på Ås, og han gjekk ut i det som skulle bli livsyrket hans ved sidan av politikken, yrket som landbrukslærar. Han var lærar ved fleire skular før han kom tilbake til Kalnes i 1905 og vart styrar der i 1912. Det var ikkje så mange med høgare utdanning i bygdene den gongen, han vart raskt trekt med i styre og stell. Ikkje minst var det dei lokale landbruksorganisasjonane som fekk nyte godt av arbeidskrafta hans. Han gjekk frå leiarverv til leiarverv i Østfold og enda til slutt opp som styremedlem både i Norges Bondelag og i Landmannsforbundet.
Også i lokalpolitikken var han aktiv. Kolstad var med i 1920 då Bondepartiet vart skipa, og tok på seg vervet som fylkesformann i Østfold. Han vart då også stilt på førsteplass på lista ved valet i 1921, og sikra seg mandat. Kolstad vart attvald ved alle val fram til han døydde i 1932. I den første bondepartigruppa på Stortinget kom Kolstad med i styret, og vart i 1928 også formann i finanskomiteen. Det vervet sat han i då han i mai 1931 vart plukka ut til å bli Bondepartiets første statsminister. Det var ikkje noko opplagt val. Jens Hundseid var både partileiar og parlamentarisk leiar, og mange frykta at han skulle bli ny statsminister. «Kastevinden frå Ryfylke» vart han kalla, og stortingsgruppa kom nok til at Hundseid ville bli for kontroversiell og ustyrleg til å debutere som Bondepartiets statsminister. Kolstad hadde tillit i dei fleste parti, og med berre Bondepartiets 25 mandat bak seg i Stortinget, hadde regjeringa bruk for all den godvilje ho kunne få.
Svakt parlamentarisk grunnlag
Inga regjering til då hadde hatt eit svakare parlamentarisk grunnlag. Det vart Peder Kolstad sin tillit i resten av nasjonalforsamlinga som vart utslagsgivande, og 12. mai 1931 vart han utnemnd til statsminister. Til og med Arbeidarbladet skreiv pent om han, og gjorde det klart at hadde partiet valt Hundseid ville det ha vore som ei krigserklæring. Kolstad derimot vart oppfatta som meir «tverrborgarleg» enn Hundseid. Den store politikaren var han nok ikkje, men solid og omgjengeleg og til å stole på.
Det å leie ei regjering med så svak basis i Stortinget og med så mykje konflikt og uro i samfunnet rundt, vart litt av eit blodslit for Kolstad. Han var ikkje berre statsminister, men også finansminister, og svært mykje av det kontorarbeidet som følgde med dei to stillingane, måtte han utføre sjølv. Ein Mowinckel eller ein Lykke som hadde råd til det, kunne hyre ein sekretær av eiga kasse for å hjelpe seg. Noko slikt hadde ikkje Kolstad råd til. Mykje sjuk var han også. Han hadde migrene og var plaga av dårleg hals og av at han ikkje fekk sove. Peder Kolstad var pessimist av natur, og han innretta seg alltid på at ting kunne gå gale. Han meinte at det var i motbakke ein kunne vise kva ein dugde til. For mykje medvind var skadeleg både for kropp og sjel. Mange meinte at det var den reine barkebrødmoralen han forkynte, men runnen som han var av det gamle bondesamfunnet i Østfold, var det nøysemd og sparsemd han var oppteken av. Det kom også klart til syne i det første budsjettet som Bondeparti-regjeringa la fram. Der var sparekniven nytta så godt det lot seg gjere.
Vidkun Quisling som forsvarsminister
Det er neppe heilt rettferdig, men det statsminister Peder Kolstad er blitt mest kjend for er utnemninga av Vidkun Quisling som forsvarsminister. Det er eigentleg ei gåte kvifor han gjorde det. Kolstad kjende ikkje Quisling på førehand, anna enn at han visste Quisling hadde assistert Fridtjof Nansen under hjelpearbeidet i Russland. I Norge vart Quisling lagt merke til etter at han skreiv nokre artiklar i avisa Tidens Tegn om situasjonen i Russland, og han ga utboka «Russland og Vi». Kolstad vart spurt om kvifor han hadde valt Quisling som statsråd, og då kunne han ikkje gi nokon annan god grunn enn at «han har skrevet en slik god bok om Russland». Det var opplagt fleire av Quisling sine mektige venner, mellom dei redaktør Thorvald Aadahl i Nationen og Rolf Thommessen i Tidens Tegn, som pressa på for å få han inn i regjeringa. Det skulle kome til å bli noko av eit mareritt, særleg for etterfølgjaren, Jens Hundseid.
Kolstad derimot hadde rimeleg kontroll med Quisling. Posisjonen som forsvarsminister i Bondeparti-regjeringa brukte Quisling som springbrett for si politiske karriere.  Quisling var major, og Bondepartiet var kjent for å ha eit høgt innslag av militære i det politiske tetskiktet. og vart derfor kalla «majorpartiet». Lite visste Kolstad då at den same Quisling skulle bli den politikaren i 1930-åra som historikarane har skrive mest om.
Menstad-slaget Overskrift
Berre nokre veker etter at regjeringa vart utnemnd kom det som i ettertid er blitt heitande «Menstad-slaget». Det var ein lokal konflikt mellom streikande arbeidarar og streikebrytarar på Norsk Hydro sitt hamneanlegg, Menstad-kaia ved Skien. Slagsmål vart det, og statspolitiet greidde ikkje å stanse uroa. Regjeringa vedtok å sende militære styrkar, og Quisling gjorde ikkje anna enn å effektuerte vedtaket, men det var først og fremst han som fekk kritikken og ikkje minst - tok æra etterpå for å ha rydda opp. Elles gjorde Quisling lite av seg det året han hadde Kolstad som regjeringssjef.
Første Bondeparti-regjeringa
Sidan regjeringa Kolstad var den første Bondeparti-regjeringa, var det ei heller svak og totalt urøynd regjering. Fleire av statsrådane, mellom dei også Quisling, mangla totalt politisk røynsle. Peder Kolstad sjølv ønskte ikkje at Mowinckel-regjeringa skulle fellast, og han arbeidde for ei utsetting av Lilleborg-saka, men Mowinckel ville ikkje ha noko kompromiss.
Kolstad-regjeringa kom til makta i ein svært konfliktfylt periode. Frå mars 1931 var det både lockout og storstreik i landet, og stemninga blant arbeidarane var særs trugande. Det spissa seg også til i striden mellom Norge og Danmark om Grønland. Ein norsk ekspedisjon vart utrusta og okkuperte eit stort område på Aust-Grønland. 23 regjeringskonferansar vart haldne om denne saka i tida 29. juni til 10. juli 1931, med då danskane var totalt avvisande overfor norske krav, signerte kong Haakon den 10. juli proklamasjonen om at Eirik Raudes land nå var norsk. Nokre dagar seinare stemna Danmark Norge inn for Den internasjonale domstolen i Haag. Det vart ein langvarig prosess som Norge tapte på alle punkt.
Gravlagt som statsminister
Fredag 15. januar 1932 var statsminister Kolstad i statsråd på Slottet. Same ettermiddag vart han sjuk og innlagd på sjukehus. Han hadde bukhinnebetennelse, men det var blodpropp han døydde av laurdag 5. mars. På same måten som då Otto B. Halvorsen døydde mens han var statsminister, kunngjorde kong Haakon at ny statsminister ikkje skulle utnemnast før Kolstad var gravlagd. Når han døydde som statsminister, skulle han også gravleggjast som det, meinte kongen. Halvorsen og Kolstad er dei to einaste statsministrane som har gått bort mens dei sat som statsministrar.

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 08.03.2012
Sist oppdatert: 20.10.2014