Hopp til innhold
Per Olav Kaldestad. Foto: June Witzøe. Brukt med løyve for Allkunne.
Per Olav Kaldestad. Foto: June Witzøe. Brukt med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Per Olav Kaldestad

Per Olav Kaldestad, forfattar, litteraturvitar og organisasjonsmenneske som både skriv, forskar på og formidlar lyrikk for barn.

Per Olav Kaldestad er fødd 26. juni 1947 på Husnes i Kvinneherad. Han gjekk på Stord gymnas i 1964–67. Med faga engelsk hovudfag, norsk mellomfag og allmenn litteraturkunnskap grunnfag vart han i 1975 cand.philol. ved Universitetet i Bergen.

Kaldestad var sivilarbeidar ved Valen sjukehus i Kvinnherad i åra 1975–76. Han arbeidde ved Holmen videregående skole på Tynset i 1977–78. Fram til 1998 var han førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen Stord/Haugesund. Etter det har han vore forfattar på heiltid.

Kaldestad har heile sitt litterære liv vore engasjert i tidsskrift og organisasjonar for formidling av litteratur. I 1973 var han med og starta det litterære tidsskriftet Tun. Han var medredaktør i tidsskrifta Profil 1975–77 og Basar 1979–81. Frå 1996 til 1998 var han formann i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU), og styremedlem frå 1994 til 2005. Han var styreleiar i Nettverket Ord & Bilde frå 1999 til 2010. Frå 1998 til 2010 var han medredaktør for Årboka Litteratur for barn og unge, og i åra 2012 til 2016 var han styreleiar i Norsk Forfattersentrum.

Kaldestad debuterte med lyrikksamlinga Kikkert i 1973. Sidan har det kome både dikt, romanar og skodespel for vaksne. Han har òg ein allsidig produksjon som barne- og ungdomsbokforfattar. Saman med Dag Helleve og Ragnar Hovland har han gitt ut reisebøker frå Canada, USA og fleire europeiske land.

Mange av dikta hans er blitt tonesette og innspela på plater, av mellom anna Draum (poprock-band frå Bergen), Myle (irsk band frå Sunnhordland), Atle Hansen (viserock-songar frå Stord), Vamp, Aftenlandet, Gabriel Fliflet og Annlaug Børsheim.

I 1993 fekk Kaldestad tildelt æreslistediplom i klassa for poesi av den europeiske barnebokprisen Premio europeo Pier Paolo Vergerio for Sola klappar meg. Han fekk Samlagsprisen i 1997 og Askeladdprisen i 2001. I 2017 var Kaldestad festivalforfattar under barnebokfestivalen Falturiltu.

Allsidig barnebokforfattar

Mest kjend er Kaldestad for dei skjønnlitterære barnebøkene sine. Dei er blitt svært populære, og han gir ut bøker i spennet frå biletbøker for dei yngste til spenningsromar for ungdom. Spenningsromanane har han gitt ut under psevdonymet John Donner. Fleire av barnebøkene hans er diktsamlingar. To av dei mest kjende er den internasjonalt prislønte Sola klappar meg frå 1990 og Når morgonfrosken syng frå 2004.

Saman med ulike illustratørar har Kaldestad gitt ut tre poetiske biletbøker for dei minste: En løvetanndrøm (2006), Med kråkenebb og kråkeføter (2010) og Dronninga kallar (2016). Han har òg skrive skodespel for barn.

Fagbokforfattar og essayist

Kaldestad står bak fleire fagbøker om det å skrive for barn. Mellom dei er Diktboka. Om arbeid med poetiske tekstar i skolen. Medforfattar er Hanne Knutsen, og førsteutgåva kom i 1984. I 2008 var Kaldestad medredaktør i Drivkrafta bak teksten. Bidrag til ein norsk barnebokpoetikk. Boka inneheld 30 essay om det å skrive og illustrere for eit ungt publikum.

Han har òg skrive mange essay om litteratur. Dei er samla i bøkene Glade bodskapar (1987) og Den nye lyrikken (1996).

Viktig gjendiktar

I tillegg til eige virke som poet har Kaldestad gjort fleire av dei store engelskspråklege diktarane tilgjengelege for eit norsk publikum. Han har gjendikta D.H. Lawrence (1985), W.H. Auden (1995), William Shakespeare (2002), Thomas A. Clark (2007 og 2009), Barry MacSweeney (2010, saman med Oskar Stein Bjørlykke), Patricia Schonstein-Pinnock (2012) og Robert Browning (2014).

Kjelder

E‑post frå Per Olav Kaldestad 21.1.2018

Forfattarside hos Samlaget, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/per-olav-kaldestad [lesedato 21.1.2018]

Tone Birkeland (red.): Å skrive for barn. 17 barnebokforfattarar presenterer seg. Oslo 1982. Tilgjengeleg på nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008060900056 [lesedato 21.1.2018]

Nettsidene til NBU – Norske barne- og ungdomsbokforfattere, nbuforfattere.no: http://www.nbuforfattere.no/ [lesedato 21.1.2018]

Norsk Forfattersentrum, forfattersentrum.no: http://www.forfattersentrum.no/om-norsk-forfattersentrum/ [lesedato 21.1.2018]

Peikarar

Ingvild Bræin: Feiring og framkalling, barnebokkritikk.no  

Diktafon – NRK: «Per Olav Kaldestad med Dagen er her den dag eg vil». 

Først publisert: 12.02.2019
Sist oppdatert: 12.02.2019