Hopp til innhold
Petra Kvisli
Petra Kvisli
Foto: L. Tørbechs etff., Kristiania, for Norsk Allkunnebok, nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket
X
Innhald

Petra Kvisli

Petra Kvisli, forfattar og lærar. Ho var ei av dei tidlege kvinnene i nynorsk kulturhistorie.

Kvisli var fødd i Arendal 1. mars 1874 og døydde 15. juli 1947. Etter å ha teke lærarskuleeksamen i 1900 var ho lærar i Åmot og Barbu før ho kom til Stor-Elvdal og seinare blei lærar i teikning ved Ringsaker fylkesskule. 

Ho redigerte bladet til ungdomsforbundet Breidablikk. Kvisli debuterte med forteljinga Birgit (1907) og skreiv seinare forteljinga Tora Dal (1912) og skodespela Ikkje vaksen (1911) og Elskhug og skoghandel (1914). 

Kvisli er mest kjend for songen «Eg elskar dei voggande tonar», prenta i Den 17de Mai i 1898.

Kjelder

Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar. Kristiania 1916
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Peikarar

Digitaliserte bøker av Petra Kvisli på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 12.06.2018